Seks entreprenørar ønsker å bygge ny Røldalstunnel på E134
Det er stor interesse i marknaden for bygging av ny Røldalstunnel på E134. No er lista over entreprenørar som vil delta i konkurransen klar.
Seks entreprenørar har bede om å verte prekvalifisert for å bygge Noregs fjerde lengste vegtunel, Røldalstunnelen. Dei seks er:
- AF Gruppen Norge AS
- Arbeidsfellesskapet Bertelsen & Garpestad AS og Metrostav Norge AS
- Hæhre Entreprenør AS
- Arbeidsfellesskapet Impenia Norge AS og TT Anlegg AS
- Itinera S.P.A .
- Arbeidsfellesskapet Leonhard Nilsen & Sønner AS og Obrascón Huarte Lain, S.A.
Prosjektleiar Frode Lykkebø i Statens vegvesen er svært nøgd med den store interessa som blir vist prosjektet, og gler seg til å sjå gjennom tilbydarane.
– Det er utruleg kjekt at så mange viser interesse for prosjektet. Det legg grunnlaget for ein spanande prosess fram mot tildeling av hovudentreprisen.
Prekvalifisering og forhandlingar
Prosjektet skal no gå gjennom dokumenta frå tilbydarane for å sjå om dei oppfyller kvalifikasjonskrava. Deretter blir det evaluering og rangering basert på dokumentasjonen dei har levert, før tre til fem av entreprenørane som er best kvalifisert går vidare til neste fase.
Prosjektet er lyst ut som totalentreprise, og omfattar prosjektering og bygging av eitløps-tunnel med tilknyting mellom Seljestad og Røldal. E134 er eit av hovudsambanda mellom aust og vest, og den nye tunnelen vil gi tryggare veg og kortare køyretid. Kontrakten har ein verdi på 2,5 milliardar ekskl. mva og omfattar:
- 1,7 km ny veg i dagen på Liamyrane ved Røldal.
- 1,2 km ny veg i dagen på Seljestad, samt gang- og sykkelveg på ca. 0,7 km
- Ny tunnel mellom Liamyrane og Seljestad på om lag 12,4 km.
- Diverse konstruksjonar i tilknyting til veganlegget.
– Det blir spanande å etter kvart få starte opp konkurransen og forhandlingane til hausten. Spesielt spanande blir det å sjå korleis dei ulike tilbydarane stiller seg til kravet om bruk av elektriske maskinar i drifta, seier Lykkebø.
Etter overordna mål om å streve etter utsleppsfrie anleggsplassar er ei av føringane i prosjektbeskrivinga at entreprenøren skal ta i bruk ein betydeleg mengde elektriske maskinar i drifta. Med god tilgang på utbygd kraftnett i nærleiken er tilhøva gode for elektrisk anleggsdrift.
Kontrakten skal etter planen verte signert i løpet av våren 2025, med byggestart sommaren 2025. Vegopning skal etter planen skje i 2031.