Startar bygging av ny Røldalstunnel til sommaren
I dag signerte Statens vegvesen med arbeidsfellesskapet Bertelsen & Garpestad AS og Metrostav Norge AS kontrakten for bygging av ny E134 Røldal-Seljestad.

Prosjektet ligg mellom Røldal og Seljestad i Ullensvang kommune i Vestland fylke, og kontrakten har ein verdi på i underkant av 2,9 milliardar kroner ekskl. mva. Anleggsarbeida skal etter planen starte opp til sommaren, og planlagt trafikkopning er i slutten av 2030.
Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård ser fram til byggestart på strekninga som er ein viktig del av transportåra på E134 mellom aust og vest. Dagens veg har mange tronge parti, i tillegg til ein høgdeforskjell på 1000 meter opp og ned, samanlikna med den nye Røldalstunnelen som vil ha ein tilnærma flat helling.
– Dette er eit prosjekt mange har venta lenge på, og som både vil komme privatbilistar og tungtransportnæringa til gode. Den nye Røldalstunnelen vil gi ein meir trygg og effektiv vegstrekning på vinterstid, noko som vil styrke vegens rolle som transportkorridor mellom Austlandet og Vestlandet, kommenterer Jon-Ivar Nygård.
Avdelingsdirektør i Statens vegvesen Utbyggingsområde vest, Kjartan Hove, kommenterer korleis første spadestikk vil vere ein stor milepæl.
– Vegen mellom Røldal og Seljestad har skapt store framkomstutfordringar for både store og små køyretøy, særleg på vinterstid, seier Hove.
Skal drive tunnel basert på mykje elektrisk kraft
Det er viktig for Statens vegvesen å kutte klimagassutslepp frå våre anleggsplassar. Mykje av anleggsarbeidet skal difor skje med elektriske anleggsmaskinar. Med god tilgang på utbygd kraftnett i nærleiken er tilhøva gode for elektrisk anleggsdrift, og mellom anna skal all utlasting og massetransport på aust-sida vere elektrisk.
– Arbeidsfellesskapet Bertelsen & Garpestad og Metrostav Norge har levert eit godt tilbod til ein god pris. Dei har lagt forholda godt til rette for elektrisk drift, og dei har foreslått gode tekniske løysingar for konstruksjonane, forklarer prosjektleiar Frode Lykkebø.
God myrløysing
Bertelsen & Garpestad og Metrostav Norge har også kome med gode løysingar for arbeidet med den nye parkeringsplassen på Seljestad som skal etablerast oppå ei myr.
– Tilbodet frå entreprenøren beskriv mellom anna korleis dei tenkjer å forbelasta myra med stein før ein bygger parkeringsområde oppå den. Då slepp ein å grave opp myra, og ein vil oppnå eit lågare klimagassutslepp, forklarer byggeleiar Gaute Sekse.
Bygging av tunnel i høgfjellsforhold byr på nye utfordringar
Prosjektet er plassert i høgfjellsområda i nærleiken av Haukeli fjellovergang. Plasseringa fører også med seg nokre ekstra utfordringar då nærområdet er kjent for å vere prega av mykje snø, store vêromslag og kalde temperaturar på vinterstid.
– Det er klart at plasseringa fører med seg kjente utfordringar med vinterdrift i høgfjellsområde. Elektriske maskinar kombinert med minusgrader pleier å medføre utfordringar med drift, men vi har full tillit til at entreprenør kjem til å legge ein god plan for å sørge for ei stabil drift, sjølv på vinterstid, forklarar Lykkebø.
Om prosjektet:
Prosjektet er lyst ut som totalentreprise, og omfattar prosjektering og bygging av eitløps-tunnel mellom Seljestad og Røldal med dagsoner og kryss i kvar ende.
Kontrakten omfattar bygging av:
- 1,7 km ny veg i dagen på Liamyrane ved Røldal.
- 1,2 km ny veg i dagen på Seljestad, samt gang- og sykkelveg på ca. 0,7 km
- Ny tunnel mellom Liamyrane og Seljestad på om lag 12,4 km.
- Diverse konstruksjonar i tilknyting til veganlegget.
-
Bilde 1 av 3: Illustrasjonen viser korleis vegnettet vil sjå ut i dagsona på Seljestad. Illustrasjon: Multiconsult for Statens vegvesen -
Bilde 2 av 3: Illustrasjonen viser korleis vegnettet vil sjå ut i dagsona på Liamyrane Illustrasjon: Multiconsult for Statens vegvesen -
Bilde 3 av 3: Kartet viser kvar den nye E134 mellom Røldal og Seljestad skal gå. Foto: Statens vegvesen Illustrasjon: Statens vegvesen