Reguleringsplanar
Statens vegvesen har laga forslag til reguleringsplan med konsekvensutgreiing for strekninga E134 Vågsli – Seljestad. Reguleringsplanen byggjer på den godkjende kommunedelplanen frå 2008.
Strekninga som reguleringsplanen omfattar er på knapt 46 km; om lag 11 km i Vinje kommune i Telemark og Vestfold fylke og om lag 35 km i Odda kommune i Vestland fylke. Vi har valt å dela den totale reguleringsplan er i 4 planområde:
- Vågsli–Fylkesgrensa (Vinje kommune)
- Fylkesgrensa–Dyrskartunnelen (Ullensvang kommune)
- Dyrskartunnelen–Røldalstunnelen (Ullensvang kommune)
- Røldalstunnelen–Seljestad (Ullensvang kommune)
Planområda inneheld både tunnel, veg i dagen og betongkonstuksjonar. Totalt er det fire tunnelar med samla lengde inkl. portalar på 30 km. Begge dei to lengste tunnelane er om lag 12 km lange.
Skissen under syner skjematisk eit lengdesnitt for korleis den nye vegen vil gå i høve dagens veg og terrenget over tunnelane.