E136 Stuguflåten–Raudstøl
På strekninga vert det planlagt ein 3-feltsveg med krabbefelt.
Føremålet med planarbeidet er å skaffe eit formelt grunnlag for å bygge ein veg med betre trafikksikkerhet og framkommeligheit.
E136 mellom Dombås og Ålesund er det viktigaste vegsambandet mellom det indre austlandsområdet og Møre og Romsdal/nordre del av Vestlandet. Frå Raudstøl øvst i Romsdalen til Stuguflåten om lag 1,5 km inn i Innlandet fylke, har store kjøretøy problem med å halde farten oppe i dei bratte stigningane. Det er ikkje muleg å kjøre forbi på ein sikker måte. Om vinteren gjer kombinasjonen bratte stigningar/krappe kurver at store kjøretøy kan ha problem med å komme opp bakkane.
På strekninga vert det derfor planlagt ein 3-feltsveg med krabbefelt. Ulike løysingar har vore vurderte i prosjektet. I den vidare planlegginga av prosjektet er det valt ein vegstandard med forsterka midtoppmerking og total vegbredde på 12,25 meter.
- Vei:
- E136
- Fase:
- Prosjekteringsfase
- Kommuner:
- Lesja, Rauma
- Fylker:
- Innlandet, Møre og Romsdal
- Lengde:
- 4800 meter
- Finansiering:
- Stat
- Nasjonal transportplan:
- Ikke omtalt
- Totalkostnad:
- 510 millioner. i 2020-kroner
Prosjektkontor
- Besøksadresse:
- Fylkeshuset i Molde