Fellesprosjektet Arna–Stanghelle
Prosjektet vil gi raskare og tryggare veg- og jernbane mellom Arna og Stanghelle.
For å sikre raskast mogleg framdrift i prosjektet er det prioritert midlar i Statsbudsjettet for 2025 til å sette i gang prosess med å anskaffe rådgjevingsskontrakt til prosjektering og arbeid med konkurransegrunnlag for den første av dei store entreprisene. Det er og prioritert midlar til å starte anskaffing av kontrakt for berg- og skredsikring tidleg i 2025, slik at arbeidet med å sikre anleggsområda kan starte i 2025. Oppstart av prosjektet føreset vedtak i Stortinget om kostnadsramme og delvis bompengefinansiering.
Siste nytt:
110.desember 2024 - Sjå presentasjon frå informasjonsmøter på Stanghelle, Vaksdal og Trengereid
Arna-Stanghelle-Voss er ein viktig del av hovudkorridoren for transport mellom Bergen og Oslo, både på veg og på jernbane. I dag er veg- og jernbanestrekninga prega av låg standard, tunnelar med stort behov for vedlikehald og oppgraderingar, og skredutsette område. Det gir ein lite effektiv og føreseieleg reiseveg for trafikantar og næringsliv og store kostandar for samfunnet. I tillegg er det mange trafikkulukker. Hovudproblemet er særleg dei mange alvorlege møteulukkene.
Prosjektet er eit fellesskap mellom Bane NOR og Statens vegvesen der veg og bane vert bygt ut samtidig, frå Arna utanfor Bergen, til Stanghelle i Vaksdal kommune. På grunn av den vestlandske topografien med bratte fjell og djupe fjordar, skal traseen i all hovudsak verte lagt i tunnel.
Fellesprosjektet Arna-Stanghelle vil gi auka trafikktryggleik, føreseieleg transport, auka kapasitet for gods på bane og redusert reisetid.
Slik blir ny veg og bane:
- Ny E16 vert bygt som firefelts veg frå Arna til Trengereid, og vidare mot Stanghelle som tofelts veg.
- Jernbana vert bygd som dobbeltspora tunnel mellom Arna stasjon til ny stasjon på Vaksdal, og vidare til ny stasjon på Stanghelle.
- Nesten 80 kilometer med tunnelar skal byggast i det som er landets største tunnelprosjekt gjennom tidene.
- Byggetida er forventa å vere om lag 12 til 14 år.
Under kan du sjå korleis veg og bane vil sjå ut med ny løysning.
- Vei:
- E16
- Fase:
- Byggefase
- Kommuner:
- Vaksdal, Bergen
- Fylker:
- Vestland
- Lengde:
- 30 km veg og jernbane
- Nasjonal transportplan:
- Omtalt i NTP 2025–2036
- Totalkostnad:
- Omlag 40 milliarder 2025-kroner (prognose)
- Antatt åpnet:
- 2036
Kontakter
- Fellesprosjektet Arna-Stanghelle inviterer til informasjonsmøte
- Fellesprosjektet Arna-Stanghelle forbereder stor rådgiverkontrakt
- Prosjektstart for Fellesprosjektet Arna-Stanghelle kan bli i 2025
- Fellesprosjektet Arna-Stanghelle er prioritert i forslaget til ny Nasjonal transportplan
- FAS: Ekstern konsulent anbefaler å øke styringsrammen til Fellesprosjektet med tre milliarder kroner