Endring av reguleringsplan Fellesprosjektet Arna-Stanghelle (FAS)
Endring av reguleringsplan for E16 Arna-Stanghelle har vore ute til offentleg høyring. Reguleringsendringa vart varsla i juni 2023.
Fellesprosjektet Arna-Stanghelle arbeider no med oppsummering av merknader og mindre justeringar av planframlegget etter høyringa. Planframlegg vert sendt over til slutthandsaming i dei respektive kommunane i løpet av april/mai 2024.
Dokumenta som har vore på offentleg høyring finn du under .
Om endringane i reguleringsplanen
Endringane gjeld i hovudsak midlertidig arealbruk i anleggsperioden. Det gjeld mellom anna anleggstverrslaga ved Romslo, Langhelleneset, og Fossmark/Gamle Fossen.
Bakgrunnen er endra løysing for nedføring av steinmassar til sjødeponi. Nye løysingar i fjell vil her erstatte opprinneleg plan med nedføring frå flytande kaianlegg. Endring i midlertidig arealbruk og trafikksystem gjeld også Trengereid og Rødberg der FAS mellom anna må sikre trygg og stabil tilkomst til Trengereid i heile anleggsperioden. Trengereidsvingane må periodevis stengjast. I Samnanger kommune vert regulert eit midlertidig riggareal ved Gullbotn.
For permanent arealbruk vert sjødeponi Romslo flytta 1,3 km austover til ny lokalitet Naustvika. Her er det gjennomført konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslova §4-2. På Trengereid er planlagt gang- og sykkelveg i Trengereiddalen flytta nærare fv.49. I Vaksdal kommune vert det regulert ny permanent vekt- og kontrollplass ved Furnestreet. Her er det også nokre mindre planendringar på Vaksdal og ved Dalehagen.
Her kan du lesa meir utfyllande om endringane som vert foreslått i dei tre kommunane
Oversiktskart
Plandokument Bergen
Her kan du lesa plandokumenta for Bergen kommune.
Plandokument Samnanger
Her kan du lesa plandokumenta for Samnanger kommune.
Plandokument Vaksdal
Her kan du lesa plandokumentafor Vaksdal kommune.
Spørsmål kan rettast til
Alle innsendte merknader vert oppsummert og vil følgje plansaka vidare til politisk
handsaming.