Inndeling av kontraktar i Fellesprosjektet Arna-Stanghelle
Her finn du informasjon om kontraktane våre.
Prosjektet er delt inn i føljande kontraktar: to rådgjevingskontraktar, seks førebuande entreprisar og ti hovudentreprisar.
Føljande kontraktar er planlagd utlyst i 2025
-
E03 Berg- og skredssikring av anleggsområde
Når: I januar 2025. Det tar om lag seks månader å få på plass entreprenør, og arbeidet kan tidlegast starte opp sommaren 2025.
Kva: Berg- og skredsikring av anleggsområda på Stanghelle, Helle og Vaksdal. Konrakten omfattar
- fjerning av vegetasjon og vegetasjonsdekke, rensk og sikring med boltar og nett
- montering av Sognemur og steinspranggjerde.
Arbeidet vil gå føre seg med tau og frå lift, samt med bruk av helikopter
-
Rådgivar 2
Når: Kontrakten er venta å nå marknaden tidleg på nyåret i 2025, og prosjektet reknar med at det vil ta om lag ti månader å få ein rådgjevar på plass. Kontrakten vert lyst ut med prekvalifisering og påfølgande forhandlingar.
Kva: Rammeavtala vil omfatte
- prosjektering
- rådgieving og oppfølging i byggetida
- utarbeiding av prosjekteringsføresetnader for heile prosjektet
- konkurransegrunnlag for hovudentreprisar, som omfattarr total-, utførings- og samspelsentreprisar
Relevante presentasjonar
Vi tilrår interesserte aktørar å sjå gjennom presentasjonane
Massehandtering
I Fellesprosjektet Arna-Stanghelle (FAS) skal det drivast nesten 80 km tunnel, som gjør prosjektet til Noregs største tunnelprosjekt. Samarbeidet mellom Statens vegvesen og Bane NOR om å etablere eit felles tunnelsystem for både veg og bane gir kostnadsreduksjon på 4,8 mrd samanlikna med å bygge veg og bane kvar for seg på strekninga.
FAS har eit ambisiøst prosjektmål om å kutte 55% av klimagassutsleppa, samanlikna med budsjett basert på mengder frå reguleringsplan. Ei sentral utfordring i prosjektet har heile tida vore handteringa av dei enorme overskotsmassane. Prosjektet har metodisk jobba og søkt å finna samfunnsnyttig bruk av overskotsmassane. Sjølv om det har vore dialog om massemottak både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, har ein ikkje lukkast i å finne samfunnsnyttig bruk innanfor akseptvilkåra. Samarbeidet mellom Statens vegvesen og Bane NOR har allereie redusert overskotsmassane betydeleg, men prosjektet vil framleis søkje å redusere mengde overskotsmasser i det vidare arbeidet.
Sjødeponi er hovudløysninga for handtering av overskotsmassar, og løysninga er godkjent av Statsforvaltaren i Vestland. Massane vert deponert direkte i fjorden gjennom eit såkalla lukka nedføringssystem, som løyser mykje av miljøutfordringane knytt til finstoff, plast og nitrogen. Tidlegare skulle deponeringa skje med hjelp av midlertidige kaianlegg, men dette er no optimalisert til sjaktløysning. Massehandteringa vil då hovudsakleg skje inne i fjellhaller, slik at ein og har løyst utfordringar knytt til støy og støv til luft og nærmiljø.
Dei ulike fasane i prosjektet
Gjennomføringa av prosjektet kan grovt delast inn i tre fasar. Første fase er den forberedande, som vil ta ca. 2 år. Andre fase vil ta ca. 5,5 år og gjelder gjennomføring av grunnentreprisar, med driving av tunnelar og klargjering av dagsoner for veg og bane til tekniske entreprisar. Tredje og siste fase gjelder gjennomføring av dei tekniske entreprisane, testing og ferdigstilling, som vil ta ca. 3,5 år.
Kontraktsinndeling
FAS kan summera opp sin strategi i kontraktsflagget, som viser inndelinga av kontraktar. Horisontalt ser ein den geografiske inndelinga, mens den faglege inndelinga vises vertikalt.
Førebuande entreprisar
Alle førebuande entreprisar er utføringsentreprisar, med unntak av riveentreprisen der prosjektet har valt totalentreprise. FAS har rådgjevingskontrakt med Cowi, som prosjekterer alle dei førebuande entreprisane.
Hovudentreprisar
For alle hovudentreprisar har FAS valt å knytte til seg ein rådgjevar i den såkalla «Rådgjevar 2-kontrakten». Dette er ein stor rammeavtale med ein leverandør som inneber utarbeiding av konkurransegrunnlag for alle hovudentreprisar og arbeidsgrunnlag for de som skal vere utføringsentreprisar.
Først ut blant hovudentreprisane er K03, som gjeld driving av både veg- og banetunnel mellom Trengereid og Vaksdal. Sekvensielt vil K05 og K01 lysast ut. K06 og K02 er begge totalentreprisar. Vidare vil jernbaneteknikk gjennomførast i ein stor utføringsentreprise, og det er planlagt med ein stor elektro/telekontrakt for både veg og bane på heile strekket. Denne kontrakten valt for å redusere utfordringar med tunneltryggleikgodkjenning av både veg og bane.
Bærekraft, klima og miljø
FAS vil søke å stille dei nye klima- og miljøkriteria i tråd med dei nye reglane, men vil kartlegge dette spesifikt for kvar kontrakt. Det vil alltid vurderast kva som gir størst klima- og miljøeffekt, og nokon gonger vil prosjektet heller nytta krav i kravspesifikasjonen. Dette vil berre gjerast der dette beviseleg har større effekt.
Ved bruk av unntaksregel vil FAS stille tydelege krav og nytta ulike insentiv i kontraktane for å oppnå både minimumseffekt og stimulere til større positive klima- og miljøeffektar. Når det gjeld rådgjevingskontrakter har FAS vedteke å nytta unntaksregel då denne type anskaffing ikkje er ein av dei store drivarane på miljøbelastning.
Tidlegare dialog med marknaden
Prosjektet har gjennomført to store marknadsdialoger, ein vinteren 2019 og ein vinteren 2021/2022. Det blei det gjennomført ein-til ein samtaler med bransjen ved begge høve.
Innspela frå marknadsdialogene har vore medverkande til uforminga av kontraktsstrategien.