Her finn du informasjon om kontraktane våre.

Prosjektet er delt inn i føljande kontraktar:  to rådgjevingskontraktar, seks førebuande entreprisar og ti hovudentreprisar.

Føljande kontraktar er utlyst i 2025

  • E03 Berg- og skredssikring av  anleggsområde

Når: Utlyst 7. januar, med frist 10. februar. Det tar om lag seks månader å få på plass entreprenør, og arbeidet kan tidlegast starte opp sommaren 2025. 

Kva: Berg- og skredsikring av anleggsområda  på Stanghelle, Helle og Vaksdal. Konrakten omfattar

  • fjerning av vegetasjon og vegetasjonsdekke, rensk og sikring med boltar og nett
  • montering av Sognemur og steinspranggjerde.

Arbeidet vil gå føre seg  med tau og frå lift, samt med bruk av helikopter

  • Rådgivar 2  

Når: Utlyst 5. februar 2025 med frist 21. mars. Prosjektet reknar med  at det vil ta om lag ti månader å få ein rådgjevar på plass. Kontrakten vert lyst ut med prekvalifisering og påfølgande forhandlingar.

Kva: Rammeavtala vil omfatte

  • prosjektering
  • rådgieving og oppfølging i byggetida
  • utarbeiding av prosjekteringsføresetnader for heile prosjektet
  • konkurransegrunnlag for hovudentreprisar, som omfattarr total-, utførings- og samspelsentreprisar