Første veka i desember blir det informasjonsmøte på Vaksdal, Trengereid og Stanghelle. Prosjektet vil informere om arbeida, og presentere framdriftsplan.

Målgruppa for møta er naboar, grunneigarar og andre interessentar. 

Tid og stad:

  • 3. desember, auditoriet på Vaksdal kl. 1800–1930
  • 4. desember, forsamlingshuset på Trengereid kl. 1800–1930
  • 5. desember, gymsalen på Stanghelle skule kl. 1800–1930

På møta vil prosjektet informere om 

  • Oppstart av førebuande arbeid i Vaksdal kommune i 2025. Blant arbeida som skal gå føre seg er arbeid med berg- og skredsikring av anleggsområda på Helle,  Stanghelle og Vaksdal.
  • Planlagd oppstart av arbeid på Trengereid og ved områda til dei tre planlagde sjødeponia i 2026.

Det blir og høve til å stille spørsmål til prosjektleiinga. 

Velkomen!