Folkemøte i Arna tirsdag 13. september
Fellesprosjektet Arna-Stanghelle inviterer til folkemøte i Arna tirsdag 13. september. Presentasjonen frå møtet er tilgjengeleg her.
Fellesprosjektet Arna-Stanghelle skal bygge ny veg og jernbane mellom Arna og Stanghelle. Reguleringsplanen er godkjend og prosjektet er i full gang med å førebu anleggsstart tidleg i 2024.
Dato: 13.09.2022
Tid: 18.00-20.00
Sted: Bane NORs brakkerigg ved Arna stasjon, Åsdnavegen 56, Indre Arna
Dette blir eit fysisk møte der du får møte sentrale personar i prosjektet, og får ei oppdatering på kva som skjer framover.
Prosjektet vil gi ei presentasjon av status og framdrift. I etterkant av presentasjonen blir det høve til å snakke med dei ansvarlege for ulike tema som støy og luft, grunnerverv, massehandtering, klima- og miljø og meir.
Presentasjonane frå møtet blir publisert i etterkant av møtet.
Hjarteleg velkomne!