Artikkelen er fra 2020, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen og Bane NOR har oversendt forslag til reguleringsplan for E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle til Samferdselsdepartementet for sakshandsaming. Planen kjem truleg på høyring i februar 2021.

Statens vegvesen og Bane NOR har på oppdrag frå Samferdselsdepartementet utarbeidd eit forslag til reguleringsplan for strekninga E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle. Målet er blant anna auka trafikktryggleik og raskare reisetid på ein strekning prega av veksande trafikk, og låg standard på veg og jernbanelinje. Prosjektet har god oppslutning og er sterkt ønskt lokalt.

– Det er svært gledeleg at vi har nådd denne milestolpen for eit stort og viktig prosjekt det er knytt høge forventingar til. Førre veke hadde vi eit innleiande møte med Samferdselsdepartementet og Kommunal- og Moderniseringsdepartementet som er planmynde, seier prosjektleiar Gunnar Søderholm.

Offentleg høyring av reguleringsplanen
Kommunal- og Moderniseringsdepartementet  vil no gå igjennom forslaget til reguleringsplan, med sikte på å vedta utlegging til offentleg gjennomsyn (høyring) truleg i februar 2021. Planen vil ligge på høyring i minimum 6 veker. Statens vegvesen vil ha eit nytt arbeidsmøte med begge departementa i januar.

Prosjektet er eit fellesprosjekt med Bane NOR, og planprosessen blir gjennomført som statleg reguleringsplan. Det er forventa at endeleg reguleringsplan kan bli vedteke medio 2021.

Prosjektet er prioritert i Statens vegvesen sitt forslag til Nasjonal Transportplan (NTP) 2022-2033.

Overskotsstein

Inntil 10 mill. m3 overskotsstein  frå fellesprosjektet må handterast.

– Det vert jobba med å inngå intensjonsavtalar med ulike aktørar som har meldt interesse for å ta i mot tunnelstein. Der startar vi forhandling med dei aktørane som vi vurderer som dei mest interessante, fortel Søderholm.

Etatane ønskjer mest mogleg samfunnsnyttig bruk av steinmassane.

Slik kan veg og bane bli på Vaksdal med ny løysing. Vist her er alternativ B1.
Aktuelt for fylke(r): Vestland