Artikkelen er fra 2021, og innholdet kan være utdatert.

Intensjonsavtale med NCC Arna Steinknuseverk AS er signert. Avtalen gjeld avhending av 1,6 millionar m3 stein frå tunnelstrekninga Arna-Trengereid.

– Vi er glade for å ha funne ei løysing med relativt kortreist stein som kan gjenbrukast, og der også fordeling av kostnader er akseptabel, seier prosjektleiar Gunnar Søderholm i Statens vegvesen.

Steinmengda NCC skal ta i mot tilsvarar rundt 15 prosent av overskotsmassane i det planlagte veg- og jernbaneprosjektet. Intensjonsavtalen skal erstattast av ein endeleg avtale når finansiering og oppstart av K5-prosjektet er avklara.

Salgssjef Espen Allum i NCC er også nøgd med avtalen.

– Vi klarer oss godt utan stein frå andre, men meiner samtidig vi har eit samfunnsansvar når anlegget vårt ved Gaupås kan bidra til å gjenvinne stein frå K5-prosjektet, seier Allum.

Samfunnsnyttig bruk er utfordrande

Gjennom offentleg utlysing i Norge og Europa, samt mykje omtale i media, er det godt kjent at E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle-prosjektet søkjer mottakarar av store mengder tunnelstein.

–Målet er samfunnsnyttig bruk innafor akseptable kostnader, klimagassutslepp og miljøverknader. Mange har meldt si interesse, men det har vist seg å vere svært få alternativ som tilfredsstiller desse vilkåra, fortel Søderholm.

Søderholm fortel at Statens vegvesen vil halde fram forhandlingane med andre potensialle mottakarar der dei tre vilkåra for samfunnsnyttig bruk er tilstades.

– Det er likevel per i dag, ikkje realistisk å finne slike løysingar for større deler av steinmassane. Vegvesenet og Bane NOR meiner då at sjødeponi samla sett kan vere den beste løysinga, understrekar han.

Søknad til Statsforvaltaren

Søknad om deponering av tunnelstein ved tre lokalitetar i Sørfjorden vert i desse dagar sendt til Statsforvaltaren. Grunngjeving for søknaden er vesentlig lågare kostnader og prosjektrisiko, betydeleg lågare klimagassutslepp, og løysingar som gir akseptable miljøverknader. Statsforvaltaren i Vestland fylke vil legge søknaden ut til offentleg høyring.

– Vi veit at det er stor offentleg interesse rundt dette, og vi er opptekne av at deponering i sjø må skje på ein 100 prosent ansvarleg måte. Søknaden er basert på eit omfattande kunnskapsgrunnlag, og vi meiner å ha funne gode og praktiske løysingar som sikrar akseptable miljøverknader.

Filmen gjer deg ein tydeleg beskriving på korleis alternativa B1 og B2 er tenkt løyst gjennom Stanghelle både for veg og bane. Statens vegvesen/Red Ant (Desember 2020) Video: Statens vegvesen/Red Ant.

Fakta om prosjektet:

Prosjektet E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle inneber stor grad av nye tunnelar, noko som gir store mengder tunnelstein.

  • Prosjektet vil kunne knuse og gjenbruke 8-9 prosent av steinmassane i anlegget.
  • Masseoverskotet er estimert til å vere 10,5 millionar kubikkmeter stein (m3).

Eller sagt på ein annan måte: meir enn fire gonger steinen som er brukt i den 4500 år gamle Kheops-pyramiden i Egypt. Volumet tilsvarar også 330 rådhus i Bergen.

Kva type massar det det snakk om?

Tunnelstein er ikkje det same som steinprodukt frå ordinære kommersielle dagbrot. Dette er vesentleg for bruksområde og kor attraktiv tunnelsteinen er for gjenvinning eller eksport. Usortert tunnelstein inneheld meir finstoff, og nokså lite stor stein som er det som er etterspurt i Europa. Tunneldriving gir også større variasjon i bergartar og kvalitet enn steinprodukta som vert levert frå dagbrot i utvalgte lokalitetar. Det er særleg finstoffet som kan vere utfordrande med alle former for bruk eller deponering av tunnelstein.

  • Tunnelstein er rekna som «ikkje forureina massar», jfr Miljødirektoratet faktaark M1243/2018.
  • Der tunnelstein vert brukt i fyllingar på land og i sjø (landvinning) skjer det normalt utan sortering, vask eller annan spesiell handsaming.

Deponering av tunnelstein i sjø kan ikkje samanliknast med deponering av gruveavfall der ei hovudutfordring er at kjemikalier for mineralutvinning følgjer med ut i sjøen. Tunnelstein er også ein heilt annan fraksjon enn gruveavfall, og deponering vil foregå i ein relativt kort periode.

Kontakt:

Gunnar Søderholm, prosjektleiar E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle

Mobil: 952 59 709
gunnar.soderholm@vegvesen.no