Artikkelen er fra 2021, og innholdet kan være utdatert.

Om lag 200 personar deltok på dei to digitale folkemøta i føregåande veke. Tema for møta var reguleringsplanen som ligg på høyring. Sjå opptak av møta.

Ny E16 frå Arna
Slik er ny E16 planlagt frå Arna (Foto: Statens vegvesen/Red Ant).

– Denne vegen og bana kan vel eigentleg ikkje komme fort nok for folk flest, og vi opplever at folk er utolmodige etter å komme i gang, fortel prosjektleiar Gunnar Søderholm.

Prosjektet er planlagt å starte i 2024 dersom det får midlane som ligg i Nasjonal Transportplan (NTP) som kom i mars.

Sjå opptak av møta

To digitale folkemøte gjennomført

Førige veke arrangerte prosjektet to digitale folkemøte.

 – Målet med møta var å fortelje om dei viktigaste elementa i reguleringsplanen som ligg på høyring, om kva som blir nytt, dei formelle prosessane og framdrifta. Slike planar er komplekse og det er viktig å vite at den er juridisk bindande når den er vedteken av Kommunal- og Moderniseringsdepartementet (KMD), seier Søderholm.

Open dialog

Prosjektet er opptatt av god og open dialog. I møtet blei det oppfordra til å stille spørsmål og ta kontakt.

– Har prosjektet følgjer for deg og din eigedom eller på andre måtar, så er det viktig for oss å gi god informasjon og at du tar kontakt for å ha ein best mogleg dialog, understrekar Søderholm.

Relevante spørsmål

I panelet under møta satt fleire representantar frå Bane NOR og Statens vegvesen klare til å svare på spørsmål. Sentrale tema i begge møta var byggestart, bompengar, tunneltryggleik, handtering av steinmassane og  støy. På møtet med fokus på Vaksdal kommune, var mange opptekne av innløysing av hus og valet av trasé. I tillegg var det mykje spørsmål kring støy i byggeperioden og frå den ferdige vegen og jernbana.

– Vi fekk mange gode og relevante spørsmål og nokre viktige kritiske røyster. Det er heilt sentralt å vite kva folk bryr seg om når vi nå arbeider med den vidare planlegginga av prosjektet, seier prosjektleiaren

Enkel oversikt med kartforteljing

Prosjektet har laga ein kartforteljing med 3D kart, video og korte tekstar som omfattar det viktigaste i prosjektet. Sjå den her.

E16 og Vossebanen er eit prosjektet har svært god støtte i både Bergen- og Vaksdal kommune. Prosjektet er omtalt i NTP 2022–2033. Dei største utfordringane både med tanke på klima,miljø og logistikk er knytt til handtering av dei enorme mengdene med massar frå dei lange tunnelane som skal byggast. Statens vegvesen har sendt Statsforvaltaren i Vestland ein søknad om Sjødeponi.

Fristen for å komme med merknader til reguleringsplanen er sett til 17. september.

 Dokumenter og kontaktinformasjon

Reguleringsplan for E16 og Vossebanen Arna–Stanghelle på høyring | Statens vegvesen

Aktuelt for fylke(r): Vestland