Informasjonsmøte for huseigarar i Vaksdal kommune som vert råka av E16 og Vossebanen Arna – Stanghelle
Blir du som huseigar råka av nye E16 på Vaksdal? Torsdag 28. oktober blir det informasjonsmøte for deg i regi av Statens vegvesen og Bane NOR.
Fellesprosjektet og Vaksdal kommune inviterer til eit informasjonsmøte med fokus på dei huseigarane som får huset sitt innløyst som følgje av K5 Arna – Stanghelle i Vaksdal kommune. Føremålet med møtet er å gje informasjon om prosjektet, tidshorisont, grunnerverv, innløysing og om kommunens utviklingsplanar og visjonar.
Dato: Torsdag 28. oktober
Tid: 19.00-20.30
Stad: Samfunnssalen, Vaksdal – Botnavegen 10
Tema for møtet:
- Innleiing – velkomst frå ordførar Hege Eide Vik
- Fellesprosjektet – prosjektstatus og grunnerverv
- Vaksdal kommune – utviklingsplanar og visjonar
Det blir mogleg å stille spørsmål til prosjektleiinga, fagpersonar og kommunen.
Hjarteleg velkomen!
Aktuelt for fylke(r):
Vestland