Vi er klare til å bygge E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle
Tilsette i Vegvesenet og Bane NOR gjer seg no klare til byggestart av E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle i 2024. Strekninga ligg inne i regjeringa sitt forslag til ny Nasjonal Transportplan (NTP).
– Etter fem års planlegging er dette ein gledens dag. Det har vore knytt mykje spenning til når dette prosjektet kjem, og om det skulle realiserast som ein heilskap eller i delar. Slik det ser ut blir no heile prosjektet realisert. Vi ser også fram til å halda fram med det gode samarbeidet med Bane NOR, seier Kjartan Hove, Prosjektdirektør i område vest i Statens vegvesen.
Tilsette i Vegvesenet og Bane NORsom har arbeidd med planlegginga over fleire år var spente på kva regjeringa ville foreslå av nye vegprosjekt i NTP. Stemninga var derfor god då NTP ble lagt fram fredag førre veke.
Modent prosjekt - klart for høyring
– Dette prosjektet er modent og klart frå vår side, og det er knytt høge forventingar til å starte bygginga av ein hovudveg og jernbane ut frå Bergen der folk kan kjenne seg trygge når dei ferdast. No ventar vi på at Kommunal- og Moderniseringsdepartementet gir klarsignal til å legge reguleringsplanen ut på høyring. Vi skal vere klare for å sette spaden i jorda i 2024, seier Gunnar Søderholm, prosjektleiar for fellesprosjektet i Statens vegvesen.
Når Stortinget følgjer opp NTP med pengar over statsbudsjettet kan ein starta anleggsarbeidet allereie i 2024. Strekninga har ein byggetid på 8-10 år. Vegvesenet har kutta kostnader på vegprosjekta i sitt NTP forslag med 134 milliardar kroner. Det var viktig for å få på plass fleire vegprosjekt i transportplanen.
Dette skal vi bygge:
Ein ny E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle skal gi auka trafikktryggleik, føreseieleg transport, auka kapasitet for gods på bane, og redusert reisetid.
- Prosjektet medfører bygging av til samen ca. 36.300 meter vegtunnel og ca. 26.100 meter jernbanetunnel, fordelt på tre tunnelstrekk med tunnellengder mellom 8 og 10 km.
- I tillegg vil det bli bygd over 6.000 m rampetunnelar, ca. 3.100 m adkomsttunnelar, ca. 3.350 m forbindelsestunnelar mellom veg og bane som sikkerheit ved brann eller andre ulykker, samt nesten 3.000 m separate rømmingstunnelar
- Ca. 7,5 mill. fm3 (fast masse) skal sprengast ut, som tilsvarar ca. 11,3 mill. am3 (anbragt masse i fylling)
- Det skal byggast toplanskryss i Arna, på Trengereid og Vaksdal.
- På Trengereid og Vaksdal er det kryssløysingar i fjell.
- Det skal byggast nye jernbanestasjonar på Vaksdal og Stanghelle.To store jernbanebruer på Stanghelle (250 m) og på Vaksdal (70/190 m avhengig av B1/B2 i trasevalg)) samt motorvegbru på Arna (127 m)
Kontakt for mer informasjon:
Kjartan Hove, prosjektdirektør utbyggingsområde vest
Mobil: 901 10 586
E-post: kjartan.hove@vegvesen.no