3, 4 og 5. desember inviterer vi til informasjonsmøte på Vaksdal, Trengereid og Stanghelle. Prosjektet vil informere om arbeida, og presentere framdriftsplan. Les meir 

Planprogrammet for Fellesprosjektet Arna-Stanghelle blei vedteken av Kommunal - og moderniseringsdepartementet 9.november 2020.

I samband med varsel om oppstart av arbeid med statleg reguleringsplan i april 2018 blei planprogram med silingsrapport lagt ut til offentleg ettersyn. Høyringsperioden var frå 27. april til 6. juli 2018 med totalt 68 innsendte merknader til planprogrammet. 

Det blei varsla ei mindre utviding av plangrensa i 2019 med høyring i perioden 11. desember 2019 til 24.januar 2020. Totalt var det 14 innsendte merknader til den utvida plangrensa.

Planprogrammet blei vedteken av Kommunal - og distriktsdepartementet  9.november 2020.