Utgreiing om Ringveg øst og E39 nord i Åsane
Utgreiinga er ei vidareføring av KVU/KS1 for transportsystemet i Bergensområdet (2011), der regjeringa i april 2013 fastsette at «aktuelle prosjekt og tiltak må vurderes trinnvis». I KVU er det tilrådd å starte planprosess for Ringveg øst. Arbeidet er også ei oppfølgjing av vedtak i Bergen bystyre den 18.6.2014 (sak 165-14) der bystyret ber om at det vert gjort ei ny utgreiing om trase og kryssløysingar for E39 mellom Åsane og Nordhordlandsbrua.
Utgreiinga viser at spørsmålet om Ringveg øst (flytting av E39) og løysing nord i Åsane er samansett og komplisert.
- Bystyret i Bergen sin høringsuttalelse til utredning om Ringveg Øst og E39 nord i Åsane (PDF), dato 16.11.2016, sak 287-16
- Fråsegn frå Hordaland fylkeskommune om utgreiing om Ringveg øst og E39 nord i Åsane (PDF). Vedtak i Fylkesutvalet 17.11.2016.