Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

I går møtte heile 200 bebuarar i Åsane opp for å høyre meir om planprosessen for E39/E16 Klauvaneset–Vågsbotn–Arna.

Regionvegsjef Helge Eidsnes opna møte, sa han var glad for at mange hadde møtt opp for å høyre meir om planane på vegstrekninga framover. Han informerte vidare om at vegstrekninga ligg inne i Nasjonal transportplan 2018-29.

Tar tid

Vidare informerte planprosjektleiar Lilli Mjelde om at målet for planprosjektet var å få vedtatt kommunedelplan for vegstrekninga i løpet av 2020, men la til at planprosessar tar tid og at mogleg byggetart vil vere i 2025.

-No er vi i første fase og vi har sendt over planprogram og silingsrapport til Bergen kommune som har planmynde, og dei vil legge dette ut til offentleg høyring til våren og gjere vedtak etter høyringsperioden er slutt. Her kan alle komme med innspel til planprogrammet, seier Mjelde.

Fleire folkemøte

Ho seier at neste fase blir å utarbeide kommunedelplan med konsekvensutgreiing.

-I denne fasen blir det lagt opp til stor grad av medverknad, og vi kjem til å halde ein god del folkemøte og gå i dialog med bebuarar i området, foreiningar, grunneigarar og andre lokale lag, seier Mjelde.

10 aktuelle vegløysningar

Vegplanlegger Olav Lofthus la vidare fram kva for vegløysningar dei har «landa på» i silingsprosessen, og tilrådd til å arbeide vidare med i kommunedelplanen. Han gjekk gjennom dei seks tilrådde løysningane gjennom Blindheimsdalen og fire løysningar gjennom Eikås.

 

 

Om lag 200 bebuarar i Åsane møtte opp for å høyre meir om planane for E39 og E16 frå Klauvaneset til Arna. Foto: Charlotte Villanger Nielsen
Aktuelt for fylke(r): Vestland