Planprogram lagt ut på høyring
I samband med oppstart av arbeid med kommunedelplan med konsekvensutgreiing for E16/E39 på strekningane Arna-Vågsbotn-Klauvaneset, er planprogram lagt ut til offentleg ettersyn og høyring.
Statens vegvesen ber om innspel til arbeidet.
Informasjonsmøte
I tillegg inviterer Statens vegvesen i samarbeid med Bergen kommune til opne informasjonsmøte i:
Åsane kultursenter, storsalen Helan, i Åsane bydel den 13.06.2019, kl. 18:30-20:30.
Oleana i Ytre Arna, Ivar Aasgards veg 1, i Arna bydel den 17.06.2019, kl. 18:30-20:30
Statens vegvesen tilrår å utarbeide en kommunedelplan for heile strekninga Arna-Vågsbotn-Klauvaneset. Planområdet omfattar delar av bydelane Arna- og Åsane frå planlagt nytt kryss med E16 ved ASKO i Arna til Tellevik-krysset ved Nordhordlandsbrua / Klauvaneset i Åsane.
Ønskjer innspel
Vi ønskjer innspel og merknader til planarbeidet. Dette må sendast skriftleg til:
Statens vegvesen Region vest, Askedalen 4, 6863 Leikanger eller
e-post til firmapost-vest@vegvesen.no.
Frist for merknader og innspel er måndag 29. juli 2019.
Spørsmål
Spørsmål om prosjektet og planprogrammet kan rettast til:
Planprosjektleiar i Statens vegvesen,
Lilli Mjelde, tlf 55 51 64 39/414 62 133
Repr.for prosjekteigar i Statens vegvesen,
Hege Løtveit, tlf 55 51 64 04/971 75 889
Sakshandsamar for plan- og bygningsetaten i Bergen kommune,
Kjell Nordal, tlf 408 13 084