Borlaugstunnelen opna for trafikk
Torsdag 10.juli klokka 13 kunne dei første bilane køyre igjennom den nye Borlaugstunnelen på E16 i Lærdal.
Det vart ei uformell markering på Borlaug der det vart delt ut ein blomsterbukett til den første bilisten i kvar retning, og til entreprenørane ved Tore Bruland i KA Aurstad AS og assisterende prosjektleiar i Mesta AS, Thi Kim Truong.
- Dei er representantar for entreprenørane som har utført godt arbeid langs ein utfordrande trasé sidan hausten 2011, seier byggjeleiar Sveinung Brude.
Med dette vart det markert at det no er sett trafikk på 9 km av totalt 11 km ny E16 mellom Borlaug – Smedalsosen. Dei siste 2 km av parsellen blir ferdig i september 2014. I slutten av august vil det bli ei markering for heile strekninga E16 Smedalsosen-Borlaug.
![](/globalassets/vegprosjekter/utbygging/e16filefjell/bilder/tunnelopning-3.jpg?width=768&mode=crop)
-
Bilde 1 av 5: Dei to første bilistane gjennom tunnelen frå vest og aust, fekk kvar sin blomsterbukett. Det gjorde også Tore Bruland i KA Aurstad AS(i gult til høgre) og assisterande prosjektleiar i Mesta, Thi Kim Truong(nærmast kamera til høgre). (Foto: Gudmund Lunden) Foto: Gudmund Lunden -
Bilde 2 av 5: Markeringa fann stad på vestsida av tunnelen, i retning Borlaug.(Foto: Gudmund Lunden) Foto: Gudmund Lunden -
Bilde 3 av 5: Journalistar frå lokalmedia deltok også på markeringa.(Foto: Gudmund Lunden) Foto: Gudmund Lunden -
Bilde 4 av 5: Ordførar i Vang, Vidar Eltun, og ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, var tilstades på markeringa. Midt mellom dei står byggjeleiar Sveinung Brude. Kontrollingeniør Jarle Sperle heilt til høgre.(Foto: Gudmund Lunden) Foto: Gudmund Lunden -
Bilde 5 av 5: Slik ser inngangen til Borlaugstunnelen ut når ein kjem frå vest og skal austover.(Foto: Gudmund Lunden) Foto: Gudmund Lunden