Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Veg i dagen på E16 Øye-Eidsbru står klar til bruk, medan elektroinnstallasjon i Rødølstunnelen er forseinka.

- Me jobbar for å få best mogleg framdrift i tunnelen, slik at trafikken kan bli sett på så fort som råd, seier prosjektleiar på E16 Filefjell Odd Erik Haugen i Statens vegvesen.
I byrjinga av juni signerte vegvesenet overtakingsprotokoll med Strabag på at kontraktsarbeidet deira var utført. Det betyr at tunnel, bru og veg i dagen står klart til bruk, og berre noko tilleggsarbeid og opprettingar står att for Strabag.

Elektro forseinka

Når det gjeld elektroarbeidet i Rødølstunnelen, er den spanske entreprenøren Aldesa i gang med å kople lys, tryggleiksutrustning og anna teknisk utstyr. Men framdrifta på elektro har diverre ikkje vore så rask som det var lagt opp til i kontrakta.
- Entreprenøren har hatt store utfordringar med å få jobben gjort til avtalt tid. Elektroarbeidet skulle eigentleg ha vore ferdig i mars. No håpar me at dei greier å bli ferdige i løpet av seinsommaren, slik at me får køyrt testing og rekk opning før vinteren set inn, seier Odd Erik Haugen.

Sidan Aldesa starta opp arbeidet, har Statens vegvesen sett seg nøydde til å gå til det drastiske skrittet å varsle heving av kontrakten tre gongar. Dette vart omtala i fagmediet «bygg.no» for ein månad sidan.
Grunnen til hevingsvarsla var i hovudsak manglande framdrift, men også manglande organisering/bemanning og kvalitet. Det har vore fleire eksempel på at forseinka betaling til underleverandørar har ført til svikt i framdrifta. Så langt har Aldesa rydda opp i forholda for kvart varsel om heving.

Møte om samarbeidet

Leiing frå Aldesa og Statens vegvesen var tysdag denne veka samla til samarbeidsmøte på regionvegkontoret i Leikanger. Der la entreprenøren fram planar for korleis dei skal kome seg i mål med prosjektet. Dei fekk også tydeleg beskjed om at dei no har fått fleire sjansar i Rødølstunnelen, og at dersom arbeidet stoggar igjen, vil det bli vurdert heving på nytt.
Aldesa sin generaldirektør i Noreg, José Maria Argüelles de Bustillo, deltok på møtet tysdag, og han forklarte problema med at dei har slite med å tilpasse seg rutinar og kultur i den norske anleggsbransjen.

- Aldesa har solid økonomi. Men fordi det i Spania gjerne er 90 til 120 dagars betalingsfrist, og det i Noreg er mykje kortare fristar, har det oppstått administrative utfordringar. Me har tatt grep for å forbetre rutinane på fakturering slik at dette ikkje skjer igjen. No fokuserer me på å sluttføre arbeidet saman, sa Bustillo.
Han trakk også fram at endring av typen lysarmatur, problem med innleige av maskinar og utstyr og forseinking frå hovudentreprenør som medverkande til forseinkinga.

Elektroarbeidet i Rødølstunnelen er Aldesa sitt tredje prosjekt i Noreg, og Bustillo håpte det kunne bli fleire prosjekt i Norge, trass i utfordringane på Filefjell.

Prosjektleiar Odd Erik Haugen i Vegvesenet poengterer at samarbeidet med Aldesa er godt sjølv om problem har oppstått.
- Me jobbar i lag for å få løyst utfordringane, og me håpar at trafikken skal vere ført over på det nye veganlegget forbi Øye før vinteren slår inn. Samstundes må me berre beklage overfor trafikantar og naboar at dette har teke for lang tid, seier Haugen.

Aktuelt for fylke(r): Innlandet, Vestland