Øye-Eidsbru utsett
Ikkje anleggsstart i 2015.
Statens vegvesen førebudde oppstart av Øye-Eidsbru i 2015, i samsvar med Stortingsprop. 1, 2014-2015, der det var sett av 55 millionar kroner til prosjektet.
I statsbudsjett for 2015 er post 36 (over Filefjell) redusert med tilsvarande sum. For å halde framdrifta på pågåande arbeid har vegvesenet valt å ikkje starte opp med anleggsarbeid i år på denne delparsellen. Planen for strekninga er på det næraste klar, slik at oppstart kan skje raskt ved tildeling av budsjettmidlar i seinare år.
Aktuelt for fylke(r):
Innlandet, Vestland