Program for vegopning 29. september
Regionvegsjefane frå kvar si side av fjellet vil klyppe snora når Filefjelltunnelen vert opna 29. september.
Vegopning på E16 Filefjell skjer i eit felles arrangement med Kongevegen over Filefjell, og alle punkt på programmet er opne for alle. Me ynskjer vel møtt til ein festdag på begge sider av fjellet!
Her er programmet:
Det er regionvegsjef Helge Eidsnes frå Statens vegvesen Region vest og regionvegsjef Per Morten Lund frå Region øst som vil stå for snorklyppinga under opninga av Filefjelltunnelen. Tunnelen er på 5,8 kilometer og går mellom Tyinkrysset og kyrkjestølen.
Aktuelt for fylke(r):
Innlandet, Vestland