Artikkelen er fra 2016, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen har 30. mars hatt tilbodsopning på vegstrekninga Øye – Eidsbru på E16 Filefjell. Ti tilbod kom inn og skilnaden mellom billegaste og dyraste var nær ei dobling.

Pristilboda strekk seg frå 339,5 til 640,8 millionar kroner. Statens vegvesen vil no kontrollrekne tilboda, og det er venta kontraktsignering i mai.

 

Oversyn over tilboda:

Tilbyder

Pris eks. mva

Strabag AG, Østerrike

339.484.131,46

AF Gruppen Norge AS

365.220.750,50

NCC Construction AS

392.990.318,00

Hæhre Entreprenør AS

414.162.390,80

Contexo AS og Hochtief Infrastructure GmBh

416.180.117,00

Skanska Norge AS

438.927.803,00

Metrostav AS og Bertelsen og Garpestad AS

480.194.405,00

PNC Norge AS og K.A. Aurstad AS

491.109.824,14

Dokka Entreprenør AS

493.639.548,28

Aldesa Construcciones SA, Spania

640.781.068.70

 

- Med ti tilbydarar er det god konkurranse om å få bygge vegstrekninga. Prisdifferansen på 301 millionar frå billegaste til dyraste er stor, og no startar me med ein nøye gjennomgang av dei innkomne tilboda, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen på E16 Filefjell.

 

Strekninga Øye – Eidsbru tek av frå eksisterande veg ca 1,5 km aust for Øye kyrkje, går opp og bak busetnaden i Øye og inn i ein to km lang tunnel litt aust for elva Rødøla. Den nye vegen kjem inn att på eksisterande E16 ved Strøndafjorden like nord for Eidsbru, der vegen knyter seg til den ferdig E16-strekninga Eidsbru – Varpe.

 

Arbeidsstart på Øye - Eidsbru er venta til sommaren i år, og strekninga skal stå klar til bruk hausten 2018.

Tilsette på E16 Filefjell med tralla med dei ti tilboda som kom inn på Øye - Eidsbru. Frå venstre: Jonas Dalland, Stein Henry Øvstetun, Odd Erik Haugen og Arne B. Strand. Foto: Ole Kristian Åset
Aktuelt for fylke(r): Innlandet, Vestland