Ti entreprenørar leverte tilbod på E16 Øye - Eidsbru
Statens vegvesen har 30. mars hatt tilbodsopning på vegstrekninga Øye – Eidsbru på E16 Filefjell. Ti tilbod kom inn og skilnaden mellom billegaste og dyraste var nær ei dobling.
Pristilboda strekk seg frå 339,5 til 640,8 millionar kroner. Statens vegvesen vil no kontrollrekne tilboda, og det er venta kontraktsignering i mai.
Oversyn over tilboda:
Tilbyder | Pris eks. mva |
Strabag AG, Østerrike | 339.484.131,46 |
AF Gruppen Norge AS | 365.220.750,50 |
NCC Construction AS | 392.990.318,00 |
Hæhre Entreprenør AS | 414.162.390,80 |
Contexo AS og Hochtief Infrastructure GmBh | 416.180.117,00 |
Skanska Norge AS | 438.927.803,00 |
Metrostav AS og Bertelsen og Garpestad AS | 480.194.405,00 |
PNC Norge AS og K.A. Aurstad AS | 491.109.824,14 |
Dokka Entreprenør AS | 493.639.548,28 |
Aldesa Construcciones SA, Spania | 640.781.068.70 |
- Med ti tilbydarar er det god konkurranse om å få bygge vegstrekninga. Prisdifferansen på 301 millionar frå billegaste til dyraste er stor, og no startar me med ein nøye gjennomgang av dei innkomne tilboda, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen på E16 Filefjell.
Strekninga Øye – Eidsbru tek av frå eksisterande veg ca 1,5 km aust for Øye kyrkje, går opp og bak busetnaden i Øye og inn i ein to km lang tunnel litt aust for elva Rødøla. Den nye vegen kjem inn att på eksisterande E16 ved Strøndafjorden like nord for Eidsbru, der vegen knyter seg til den ferdig E16-strekninga Eidsbru – Varpe.
Arbeidsstart på Øye - Eidsbru er venta til sommaren i år, og strekninga skal stå klar til bruk hausten 2018.