Artikkelen er fra 2018, og innholdet kan være utdatert.

Strekninga Varpe Bru - Smedalsosen på E16 Filefjell er kåra til Årets anlegg 2017.

Vinnaren av Årets anlegg vart offentleggjort i Oslo 14. mars, og prisen vart delt ut av ein jury samla av Byggeindustrien/Bygg.no. Kjersti Folvik som er leiar av juryen, seier det var mange gode kandidatar.

– Kvart år blir fleire hundre prosjekt ferdigstilt rundt om i landet. Vi har vurdert ei lang rekke prosjekt, og dei beste kandidatane har hatt godt samspel i gjennomføringa med fokus på bærekraftige løysingar og godt HMS-arbeid.

Vintersikker veg

Målet med E16 over Filefjell var å bygge ein vintersikker veg mellom aust og vest. Etter at Filefjelltunnelen opna i haust, har fjellovergangen stort sett vore open for fri ferdsel i uvêrsperiodar - medan det har vore kolonnekøyrt eller stengt på dei andre fjellovergangane.

BetonmastHæhre Anlegg har bygd strekninga på rundt 20 km, der rundt 6 km går gjennom den nye Filefjellstunnelen. Mesta Elektro har stått for elektroinnstallasjonane i Filefjelltunnelen.

Sårbart terreng

Vegen er planlagt og bygd på ein skånsom måte gjennom det sårbare høgfjellsterrenget, og det er lagt stor vekt på estetikk og gode løysingar. Vegen er heva for å få snø til å blåse av, og strekninga over høgfjellet er utstyrt med uvêrslys, for å gjere det lettare å brøyte og å følge vegen ved dårleg vær vinterstid.

- Me er stolte og glade over å motta prisen, og eg vil takka alle dei 2-300 personane som har vore involvert i prosjektet, og som på sine fagfelt har bidrege til at E16 Filefjell vart eit godt prosjekt. Ei stor takk også til dei som har planlagt den flotte veglinja, og vore rådgiavarar under planlegging og bygging, sa prosjektleiar Odd Erik Haugen i samband med overrekkinga.

Aktuelt for fylke(r): Innlandet, Vestland