E16 Slæn–Haugsvik
For å betre framkoma og trafikksikkerheita på strekninga vil prosjektet breiddeutvide eksisterande E16 for å etablere forsterka vegoppmerking.
Målet med prosjektet er å betre trafikktryggleiken og framkoma på strekninga. Ein ynskjer å utvide eksisterande veg til 8,5 meter for å etablere forsterka vegoppmerking. Eksisterande vegbreidde varierer innanfor planområdet, og er om lag mellom 6,5–7,5 meter brei. Forsterka vegoppmerking har vist seg å vera eit effektivt og rimeleg tiltak mot møte- og utforkøyringsulykker.
Tiltaket medfører naudsynt langsgåande utviding på om lag 1–2 meter på sørsida av eksisterande E16 over om lag 1,4 km. Tiltaket vil også samordnast med andre tiltak ved at ein legg opp til utbetring av kollektivhaldeplassane på strekninga samt ei vurdering av sideterreng og avkøyrslene i området. Prosjektet vil også vurdere utbetring eller utskifting av eksisterande bru og kulvert på strekninga.
Det er vurdert til at reguleringsplanarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing i høve «Forskrift om konsekvensutredninger».
- Vei:
- E16
- Fase:
- Planfase
- Kommuner:
- Voss
- Fylker:
- Vestland
- Lengde:
- 1400 meter
- Finansiering:
- Stat
- Oppstart:
- 2024