Utlegging av reguleringsplan til høyring og offentleg ettersyn
Planforslag E16 Slæn – Haugsvik til høyring og offentleg ettersyn.
Statens vegvesen legg i samarbeid med Voss herad ut forslag til reguleringsplan for E16 Slæn – Haugsvik til høyring og offentleg ettersyn i høve Plan- og bygningslova §12-10.
Høyringsperioden går frå 24.01.2025 til 07.03.2025.
Reguleringsplanen vert handsama etter §3-7 i Plan- og bygningslova. Det betyr at Statens vegvesen utarbeidar og legg reguleringsplanen ut til offentleg ettersyn, medan Voss herad slutthandsamar og vedtek planen.
Føremål
Prosjektet er eit trafikksikkerheitsprosjekt som har som føremål å betre trafikksikkerheita og framkoma på den om lag 1,4 km lange strekninga eksisterande strekninga i Voss herad mellom Slæn i aust og Haugsvik i vest. Breidda blir utvida langs eksisterande E16, det skal etablerast forsterka midtoppmerking og sideterrenget skal gjerast trygt for utforkøyringar. Prosjektet har også sett på avkøyringstilhøve og utbetra kollektivpunkta på strekninga.
Kartforteljing
Det er utarbeida ei kartforteljing i Arcgis. Kartforteljinga gjev deg eit overblikk over planforslaget der kartet i 3D er i fokus, saman med korte tekstar, bilder og figurar. Bruk mus eller piltastar og skroll nedover i forteljinga for informasjon. I kartscenene kan du zoome og sjå detaljar. Kartforteljinga finn du ved å følgje denne lenka; E16 Slæn - Haugsvik (arcgis.com)
Plandokumenter
Planprosess og medverknad
I høyringsperioden vil det vere moglegheit for naboar og interesserte å avtale synfaring i planområdet. Der kan de få treffe prosjektet og stille spørsmål om planforslaget.
Ta kontakt med planleggingsleiar Runa Aaland Eggum på e-post eller telefon 957 56 106 dersom du ynskjer ei slik synfaring.
Merknadsfrist
Vi ber om å få tilsendt eventuelle merknader til reguleringsplanen skriftleg innan høyringsfristen 07.03.2025 til:
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 LILLEHAMMER
eller
Alle merknader, både i papirform og på e-post, må merkast «E16 Slæn – Haugsvik. 23/66233»