Artikkelen er fra 2016, og innholdet kan være utdatert.

Det vart i juni 2015 varsla oppstart av kommunedelplanarbeid for E16 mellom Slæn og Tvinno i Voss kommune og lagt ut eit forslag til planprogram til offentleg ettersyn. Med bakgrunn i innkomne merknader og etter å ha fått meir informasjon om området, blir det lagt ut eit nytt forslag til planprogram til offentleg ettersyn.

Planprogrammet er tilgjengeleg

Ope møte

I samband med utlegging av nytt forslag til planprogram til offentleg ettersyn, vert det halde ope møte måndag 29. februar 2016 kl. 1800 i Sambygg sitt lokale på Vinje.

Merknadsfrist

Synspunkt og innspel må sendast skriftleg innan 7. april 2016 til:

Statens vegvesen Region vest, Askedalen 4, 6863 Leikanger eller
e-post 

Spørsmål?

Ta kontakt med prosjektleiar Bente Øyre i Statens vegvesen på tlf. 57 65 57 54 eller e-post 

Allereie mottekne innspel vil bli tatt med i den vidare planprosessen.

Planområde E16 Slæn–Tvinno
Planområde E16 Slæn–Tvinno
Aktuelt for fylke(r): Vestland