Har passert 1000 meter tunnel på Filefjell
Tunneldrivinga på Filefjell går etter planen og sist veke markerte dei tilsette på anlegget at 1000 meter er passert i Filefjelltunnelen.
- Framdrifta i tunnelen går bra for tida. Hæhre ligg omtrent på framdriftsplan, og farten stig no etter kvart. Planlagt gjennomsnittleg framdrift skal ligge rundt 110 meter i veka, og gjennomslag blir på seinhausten 2015, seier byggjeleiar Harald Stadheim på kontrakten Varpe Bru - Smedalsosen på E16 Filefjell.
På austsida av den 5780 meter lange tunnelen er tunneldrivarane no kome godt over 600 meter inn i fjellet, medan framdrifta på vestsida har passert 400 meter. Første salva gjekk av på austsida tidleg i august, og arbeidet på vestsida starta nokre veker seinare.
Tunnel for fullt
Hæhre Entreprenør AS vil halde fullt trøkk på tunnelarbeidet gjennom heile vinteren, og bilistane vil merke at det pågår utlasting av stein frå tunnel og massehandtering både i Tyinkrysset og rundt Varden ved Kyrkjestølen. Øvrig aktivitet langs veglinja vil no etter kvart bli redusert, når vinteren festar grepet for fullt på Filefjell.
Hæhre har fått gjennomført mykje i løpet av av ein hektisk sommar- og haustsesong. Mellom anna er store areal rydda og masse stein er sprengt ut langs Smedalsvatna, for å gje plass til E16 i ny trase, med jamnare kurvar og betre stigningsforhold. Arbeidet med fleire bruer på traseen er kome langt, og fleire fundament og brukar er støypte. Mellom anna på Løken bru ved Øvre Smedalsvatn og Tyinkryssbrua i Tyinkrysset.
Mykje skjer neste år
- Både Hæhre og me i Vegvesenet synest arbeidet på kontrakten er kome godt i gang, og entreprenør har planar om å gjere ferdig rundt 7 kilometer veg til neste år. Alt ligg an til det, seier byggjeleiar Stadheim.
Eksisterande E16 har fått stått urørt med asfalten på gjennom årets sesong, og det meste av arbeidet har gått føre seg i kantsonene til vegen. Til våren blir situasjonen ein heilt anna. Då må vegen rivast opp og byggjast på nytt - strekning for strekning.
- Bilistane må vere førebudde på at det blir meir køyring på midlertidige grusvegar over Filefjell til neste år. Det blir naudsynt for å få bygd den nye vegen, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen på E16 Filefjell.
Fyllitt i tunnel
Gode steinmassar er avgjerande for veganlegget, og i arbeidet med Filefjelltunnelen har det så langt vore mindre god stein (fyllitt) som har kome ut frå tunnelen i aust. Geologiske vurderingar av bergmassen er usikre, og kan tyde på at mykje av tunneltraseen består av fyllitt. Det er eit steinslag som er av for dårleg kvalitet til å brukast i dei høgare laga av vegen. For å unngå mangel på stein og forseinkingar i arbeidet til neste år dersom dårlegaste geologiske prognose slår til, har Statens vegvesen varsla oppstart av reguleringsplan for eit masseuttak på Torvmo ved Brusestølen. Viss Vegvesenet får regulert dette området, vil det sikre prosjektet gode steinmassar til å bygge vegen, i tilfelle ein får manko på stein frå tunnelen. Området vil bli fylt opp igjen med andre massar og rydda til før veganlegget vert avslutta.