Anbefaler kortaste trasé for E39 mellom Digernes og Vik
Statens vegvesen har gjennomført ei utgreiing av traséer for E39 fra Digernes i Skodje kommune til Vik i Vestnes kommune.
Dette legg grunnlag for Samferdselsdepartementets beslutning av trasévalg på strekningen.
Statens vegvesen anbefaler å utvikle E39 Digernes-Vik etter konsept K3.1A med H8- standard (110 km/t). Det vil seie veg i dagen mellom Digernes og Dragsundet om Valle, veg i dagen forbi Fylling, lang tunnel forbi Svartløkvatnet og veg i dagen om Tomrefjorden til Vik.
Det er lagt særleg vekt på det prosjektutløysande målet om å knytte bu- og arbeidsmarknaden i området tettast mogleg saman og legge best mogleg til rette for transport over lengre distansar. Konsepta om Svartløken gir også betre grunnlag enn konsepta over Ørskogfjellet for å oppnå måla som ligg til grunn for Stortinget sin langsiktige ambisjon om ein utbetra og ferjefri E39.
Fullt utbygd gir konseptet ei innsparing i reisetid på strekninga på 25 minutt, og har ein kostnad på om lag 7,9 mrd. kroner. Ut frå forventa trafikkutvikling anbefaler Statens vegvesen at strekninga blir bygd ut stegvis. Når det er bygd ut veg med H5-standard (90 km/t) på heile strekninga vil reisetida bli redusert med 20 minutt samanlikna med i dag. Ei slik utbygging vil koste om lag 4,8 mrd. kroner.
Saman med nytt kryss på Otrøya syner dette at Statens vegvesen kan oppfylle Stortinget sin føresetnad om vesentlege kostnadsreduksjonar i E39 Ålesund-Molde. Prosjektet er prioritert med start i siste halvdelen av Nasjonal transportplan 2018-2029.