Artikkelen er fra 2017, og innholdet kan være utdatert.

I samsvar med § 12-8 i plan- og bygningsloven kunngjer Statens vegvesen oppstart av reguleringsplanarbeid for trafikktryggingstiltak langs fv. 661 frå Vik til Leirvikbukta i Vestnes kommune.

Planen vil bli utarbeidd i samarbeid med kommunen.

Målsettinga med planarbeidet er å skaffe eit formelt grunnlag for å kunne gjere tiltak for å betre trafikktryggleika før den nyleg regulerte fjordkryssinga E39 Vik–Julbøen opnast for trafikk. Planen vil bli utarbeidd som ei detaljregulering etter § 12-3 i plan- og bygningsloven.

Reguleringsplanen for E39 Vik-Julbøen blei vedtatt i 2016. For Planområde Vik-Nerås i Vestnes kommune gjeld det rekkefølgebestemmelse for fv. 661:

«Før E39 Vik-Julbøen blir tatt i bruk skal det gjennomførast nødvendige trafikktryggingstiltak langs fv. 661 mellom Furneskrysset på Vestnes og kryss med E39 på Vik, herunder samanhengande gang- og sykkelveg.»

Grensene for planområdet blir snevra inn etter kvart som vi konkretiserer aktuelle løysingar. Det blir sendt brev direkte til grunneigarar innafor planområdet og andre høyringsinstansar.

Sjå dokumenta her: http://www.vegvesen.no/Europaveg/e39romsdalsfjorden/fylkesveg-661

Aktuelt for fylke(r): Møre og Romsdal