Artikkelen er fra 2017, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen har i samarbeid med Vestnes kommune utarbeidt forslag til reguleringsplan for trafikktryggingstiltak langs fylkesveg 661 frå Vik til Leirvikbukta i Vestnes kommune.

Etter avtale med kommunen og i medhald av PBL §§ 3-7 og 12-10 blir planen lagt ut til offentleg ettersyn. Aktuelle dokument leggast ut på www.vegvesen.no/vikleirvikbukta. Plandokumenta blir lagt ut på kommunen sitt administrasjonsbygg og kommunen sin heimeside.

Målsettinga med planarbeidet er å skaffe eit formelt grunnlag for å kunne gjere tiltak for å betre trafikktryggleika før den nyleg regulerte fjordkryssinga E39 Vik–Julbøen opnast for trafikk. Planen vil bli utarbeidd som ei detaljregulering etter § 12-3 i plan- og bygningsloven.

Reguleringsplanen for E39 Vik-Julbøen blei vedtatt i 2016. For Planområde Vik-Nerås i Vestnes kommune gjeld det rekkefølgebestemmelse for fv. 661:

«Før E39 Vik-Julbøen blir tatt i bruk skal det gjennomførast nødvendige trafikktryggingstiltak langs fv. 661 mellom Furneskrysset på Vestnes og kryss med E39 på Vik, herunder samanhengande gang- og sykkelveg.»

Innspel

Eventuelle merknadar til planen skal sendast til Statens vegvesen Region midt,postboks 2525, 6404 Molde eller

Frist for skriftlege merknadar er satt til 25. oktober 2017.

Informasonsmøte

Statens vegvesen inviterer til informasjonsmøte på Idahall i Tomrefjord måndag 18. september frå kl. 18-20. 

Kontakt

Eventuelle spørsmål kan rettast til Harald I. Johnsen på e-post eller mobil 915 12 885 eller Asta Krattebøl på e-post eller mobil 930 24 551

Kulturhuset Idahall
Kulturhuset Idahall i Tomrefjord.
Aktuelt for fylke(r): Møre og Romsdal