Artikkelen er fra 2014, og innholdet kan være utdatert.

Støy, støv, massetransport, tilstanden på vegane og vegane vidare mot Molde og Ålesund var blant emna som opptok dei frammøtte på informasjonsmøta i samband med starten på planlegginga av E39 Vik-Julbøen.

11-13. november gjennomførte Statens vegvesen informasjonsmøte i kommunane Molde, Vestnes og Midsund for å orientere om planprosessen og gi folk høve til å stille spørsmål til dei som skal planlegge kryssinga av Romsdalsfjorden. I forkant av møta møtte Vegvesenet grunneigarane prosjektet direkte får følgjer for.

Val av trasé, både for Vik-Julbøen og E39 vidare mot Molde og Ålesund opptok dei frammøtte. Dette er status for dei ulike delane:

  • Vik-Julbøen: Regjeringa har fatta avgjerd og planlegginga vidare er i tråd med denne avgjerda.
  • E39 vidare frå Vik mot Digernes i Skodje: Regjeringa har gitt Statens vegvesen i oppdrag å utgreie miljømessige- og kostnadsmessige konsekvensar for både veg over Ørskogfjellet og veg gjennom Solnørdalen. Når denne utredninga er ferdig, vil regjeringa ta ei avgjerd om trasé. Her vil vi også vurdere rasfaren i Tomrefjord.
  • E39 frå Julbøen mot Molde: Det blir starta ein kommunedelplanprosess som skal fastsette korridoren for E39 inn mot Molde. Bygginga av brua kan starte sjølv om korridoren vidare mot Molde ikkje blir avklart før planlagt byggestart.

Positiv respons

Prosjektorganisasjonen frå Statens vegvesen møtte positive tilbakemeldingar i alle dei tre kommunane.

- Vi møtte folk som i hovudsak er godt nøgde med planane for den nye fjordkryssinga. Det er tydeleg at prosjektet er etterlengta, seier prosjektleiar Harald Inge Johnsen.

Overskotsmassar

-Kva vil de gjere med steinen frå tunnelen og tåler vegane på Otrøya at det blir transportert stein på dei, var spørsmål som vart stilt i Midsund kommune. Prosjektleiaren kunne fortelje at det ikkje er bestemt kva som skal skje med steinen frå tunnelen.

- Eit overslag er at ein treng om lag ein million kubikk stein til bygging av ei bru over Kjerringsundet. Stein er en ressurs og det også kan vere interessentar utanfor distriktet som er interesserte i å kjøpe steinen. Minste kvantum for sal vil vere 10 000 kubikk. Statens vegvesen vil sjå nærare på vegane på Otrøya for å vurdere kor egna dei er og kva tiltak som eventuelt må gjerast, fortalte han.

Det kom også spørsmål om massedeponi og kai er tenkt som permanente anlegg. Her kunne prosjektleiaren fortelje at det Statens vegvesen ikkje trengte permanente anlegg, men at det her kunne vere aktuelt å samarbeide med kommunen om dei ønskte anlegget permanent.

Støy og støv

Fleire otta seg for støy og støv i anleggsperioden. Statens vegvesen har gode erfaringar med bruk av vatn for å dempe støvet. Korleis ein skal minimere plagar med støy og støv vil vere ein del av planlegginga vidare.

Ønsker innspel

Planprogrammet for E39 Vik-Julbøen er ute på høyring. Alle som har innspel til planlegginga kan sende dei til Statens vegvesen innan 12. desember 2014. Det er planlagt ein ny informasjonsrunde når planen legges ut til offentleg høyring i 2016.

 

 

Aktuelt for fylke(r): Møre og Romsdal