Artikkelen er fra 2021, og innholdet kan være utdatert.

Ny frist for å komme med innspel til reguleringsplan for E39/E136 på strekninga frå Digernesskiftet til grensa mot Vestnes kommune er første oktober.

-Planutvalet i Ålesund kommune er blant dei som har bedt om utsett frist, slik at saka kan bli behandla på ein god måte. Prosjektleiinga i Statens Vegvesen vil imøtekomme dette, men vi oppmodar om at innspel blir sendt så snart som råd, seier Tone Hammer, planeggingsleiar i Statens vegvesen.

Fristen var først satt til 15. august.


Du kan sjå opptak av informasjonsmøtet

I slutten av juli deltok 50 personar på eit informasjonsmøte om oppstarten av planarbeidet. I møtet blei det gitt ei overordna orientering om prosjektet E39 Ålesund – Molde, før planprosessen og førebels veglinjer blei lagt fram.

Du kan lese om informasjonsmøtet og sjå opptak her.  

Innspel

Statens vegvesen ber om relevante innspel til planarbeidet i denne innleiande fasen, og fristen er 1.10.2021. Innspela skal sendast til:

  • , eller
  • Statens vegvesen, postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer

Dei kan også sendast på epost til kontaktpersonane:

  • Planprosessen: Tone Hammer, tlf. 94 14 46 83, epost: 
  • E39 Ålesund-Molde: Harald Johnsen, tlf. 91 51 28 85, epost:

Merk sendinga med «E39/E136 Digernesskiftet–Ørskogfjellet»

 Om planarbeidet

Reguleringsplana blir utarbeidd som ei detaljert plan, jf. pbl. § 12-3 og skjer i samarbeid med Ålesund kommune. Planområdet skal konsekvensutgreiast på kommuneplannivå med grunnlag i kjent kunnskap (silingsrapport). Eit planprogram med silingsrapporten skal leie fram til val av veglinje, som i neste omgang vil bli konsekvensutgreidd på detaljert nivå.

Kart over strekningen Digernes-Ørskogfjellet
Kart over strekningen Digernes-Ørskogfjellet
Aktuelt for fylke(r): Møre og Romsdal