Artikkelen er fra 2011, og innholdet kan være utdatert.

Forslag til kommunedelplan med tilhøyrande konsekvensutgreiing for E39 mellom Ålgård og Hove er sendt til kommunane Gjesdal og Sandnes. Vegvesenet anbefaler kommunane å vedta alternativ L10.

Statens vegvesen har utgreia til saman 20 alternative løysingar (L1 – L20). Det anbefalte alternativet, L10 inneber to tunnelar, ein mellom Bråstein og Figgjo og ein forbi Ålgård og Kongeparken.

– Med alternativ L10 oppnår vi ein trafikksikker og effektiv veg både for gjennomgangstrafikken og trafikken til og frå konsentrasjonen av bustader i områda, seier prosjektleiar Bjørn Åmdal i Statens vegvesen.
– Med tanke på miljøet er tunnel også det klart beste alternativet, seier han.

Åmdal forklarer at det anbefalte alternativet kjem til å gi nokre negative konsekvensar for landbruk, kulturminne, naturmiljø og landskap.
– Desse konsekvensane er likevel akseptable sett i samanheng med kor stort og viktig dette prosjektet er, seier han. 
– Difor kan vi anbefale utbygginga.

Alternativ L10
• kryss ved Bollestad
• ca. 10 m høg og 270 m lang bru over Limavatnet
• ca. 3,5 km lang tunnel forbi Ålgård og Kongeparken
• kryss ved Håland
• ca. 1,7 km lang tunnel mellom Håland og Bråstein
• kryss ved Bråstein og utfylling i Bråsteinvatnet
• ombygging og utbetring av dagens E39 mellom Bråstein og Hove, kryss ved Bogafjell

Kostnad
Alternativ L10 kjem på 2060 mill. kr (prisnivå 2011). Med ein usikkerheit mellom minus 10% og pluss 25% vil kostnaden vere mellom ca. 1850 og 2575 mill. kr.

Kan akseptere L8
Alternativ L8 går i dagen (ikkje tunnel) mellom Håland og Bråstein, koster ca. 200 mill kr mindre enn anbefalt alternativ L10 og har lågare drifts- og vedlikehaldskostnader.
- Vi meiner at lågare kostnader i stor grad veg opp for ulemper ved natur og miljø, og kan akseptere at Sandnes kommune velgjer dette alternativet, seier prosjektleiar Bjørn Åmdal.

Anbefaler ikkje kryss ved Kongeparken
Statens vegvesen vil ikkje anbefale alternativ som inneber kryss ved Kongeparken (variant B2 og B4).
- Det skuldast høge kostnader til investering, drift og vedlikehald, store inngrep ved Kongeparken og næringsområda og omsyn til trafikksikkerheit, seier Åmdal.

Håper på godkjenning i 2012
Det er kommunane (Sandnes og Gjesdal) som nå vidare skal handsame dokumenta etter plan- og bygningslova. Det inneber høyring, behandling av merknader og vedtak. Det er eit mål å få vedtekne planar og godkjent konsekvensutgreiing i løpet av 2012.

Aktuelt for fylke(r): Rogaland