Planlagd heilstenging av E39 Bårdshaug bru i Orkanger startar 8. desember
Det er klart for den første planlagde heilstenginga av E39 Bårdshaug bru i Orkanger i samband med dei om omfattande vedlikehaldsarbeida som går føre seg.
Som tidlegare informert blir den første stenginga i desember, medan den andre blir planlagd i månadsskiftet februar/mars 2024.
Skal montere interimsbru
– Brua blir heilt stengd for trafikk frå og med fredag 8. desember klokka 21:00 og blir opna opp i løpet av søndag 17. desember, seier fungerande seksjonsleiar Håkon Ødegård Alstad.
Årsaka til at brua må heilstenges vel ei veke nå i desember og seinare i månadsskiftet februar/mars er at det må etablerast og seinare demonterast ei interimsbru ved vestre landkar der det skal utbetrast skadar. Det kan bli behov for enkelte nattestengingar for fugearbeid og liknande i tillegg til desse heilstengingsperiodane, men dette vil det bli informert om på førehand.
– Ved den første heilstenginga no vil vi bruke helga til å tine bakken før dei byrjar sjølve gravinga på morgonen måndag 11. desember, men frå og med då vil det arbeidast i doble skift for å jobbe mest mogleg effektivt, understrekar Håkon Ødegård Alstad.
I samsvar med plan blir det på grunn av heilstenginga av E39 Bårdshaug bru tovegs trafikk på omkøyringsvegen. Skilting vil vere på plass når trafikken blir lagd om.
Manuell dirigering på dagtid og lysregulering om natta
– Ved den smalen Gammelosbrua blir det manuell dirigering mellom klokka 07:00 og 19:00 kvar dag i stengingsperioden. Frå klokka 19:00 til 07:00 blir det lysregulering. Vi kjem til å ha ei tett oppfølging av trafikken i perioden med heilstengd bru, seier Håkon Ødegård Alstad.
Etter at heilstenginga blir 17. desember avslutta blir det returnert til ordinær trafikkavvikling for anleggsperioden, der Gammelosveien vil vere omkøyringsveg for trafikken frå Trondheim og som skal vestover i retning Ørlandet og øyregionen. Trafikken frå vest, altså frå Ørlandet og kystregionen og mot Trondheim, vil då bruke Bårdshaug bru som før.
– Tilbakemeldingane er at trafikkomlegginga sidan anleggsstart 31. oktober har gått bra, men det er sjølvsagt ei stor meirbelastning for lokalmiljø og næringslivet. Det finst ingen ideell omkøyringsløysing for desse arbeida. Vi oppmodar til at bilistar, næringstransportar og mjuke trafikantar er spesielt merksame no som trafikken begge vegar vil gå på omkøyringsvegen. I og med det er manuell dirigering og lysregulering blir det noko ventetid, seier Håkon Ødegård Alstad.
Arbeida så langt er i rute. Frist for ferdigstilling av arbeida er kontraktfesta innan 1. oktober 2024. Utførande entreprenør er BMO Entreprenør AS.
Dette skal gjerast
- Både austre- og vestre brufuge skal skiftast, dei nedlagde gangfelta skal fjernast og det skal byggjast nye kantdragarar med rekkverk på begge sider og det skal byggjast ny bakvegg, venger, justering av lager i akse 7 og dessutan erosjonssikring.
- I tillegg kjem nye avløp og lyktestolpar, mekanisk reparasjon av underkant av bruplate, landkar og søyler. Infrastruktur er flytta frå brua over til den parallelle gangbrua.
- Det skal skiftast fastlager og reetablerast søyletopp i akse 5. Til slutt skal landkar og søyler overflatebehandles i alle aksar og det skal reasfalteres ved kantdragarane, og til slutt ny vegoppmerking.
- I tillegg skal det gjerast vedlikehaldsarbeid av Løypestrengen undergang. Her skal eksisterande betongkant, rekkverk og kantdragar fjernast, tørrmur blir skifta, kulvertmur blir fjerna og det skal gravast ut byggjegrop for cirka 25 meter nye rekkverksfundament og nytt køyresterkt rekkverk. Brurekkverket skal koplast på nytt vegrekkverk.
- Arbeida for Løypestrengen blir planlagde gjennomført i juni 2024 Det vil bli etablert gangtunnel slik at mjuke trafikantar ikkje blir påverka av arbeida