E39 Astad-Bjerkeset: Godt oppmøte på medverkingsmøte om reguleringsplan
Statens vegvesen planlegg å sende forslag til reguleringsplan for ny E39 mellom Astad, Bjerkeset og Fursetfjellet til Gjemnes kommune til sommaren.
Det var stort oppmøte i Kulturstuå på Batnfjordsøra 19. mars då Statens vegvesen inviterte til medverkingsmøte om reguleringsplanen. Prosjektet er godt i gang med planlegginga og konsekvensutgreiing av dei tilrådde veglinjene og presenterte status for planane i møtet. Presentasjonane frå møtet finn du lengre ned på sida.
Prosjektet fekk fleire spørsmål og innspel i dei to timane møtet varte, og Statens vegvesen tek dei med seg i vidare i planlegginga. Prosjektet tek sikte på å levere forslag til reguleringsplan til Gjemnes kommune før sommerferien.
Aktuelt for fylke(r):
Møre og Romsdal