E39 Bokn–Bømlafjorden
Strekninga E39 Bokn–Bømlafjorden er i dag en strekning på 67 km som er sterkt belasta med ulykker, den har mange kryss og avkøyringar.
Ny E39 blir planlagt med fire felt med midtdelar, og blir ein sikrare veg for alle.
Når strekninga frå Stavanger til Bergen er ferdig utbygd, vil køyretida mellom byane bli redusert frå dagens 4,5 timar til ned mot to timar. På strekninga mellom Arsvågen i Bokn og tunnelopninga for Bømlafjordtunnelen i Sveio kommune vil køyretida bli 30 minutt kortare samanlikna med i dag. Dette gir innbyggarane i området fleire moglegheiter til val av bustad og arbeidsplass. Regionen får òg heilt andre konkurransevilkår når turen Stavanger – Bergen tek to timar.
Samfunnsmålet for E39 Bokn–Bømlafjorden er at Haugalandet og Sunnhordland i 2040 skal vere tidsmessig knytt nærare saman med Midthordland. Stavanger- og Bergensområdet skal vere tidsmessig knytt nærare saman.
Siste nytt:
26.10.23 Statens vegvesen kunngjer høyring av forslag til
planprogram for E39 Bokn–Bømlafjorden
05.06.2023 Avgjersle om kommunal planhandsaming for E39 Bokn – Bømlafjorden
Planlegginga av korleis den framtidige europavegen gjennom kommunane Bokn, Tysvær og Sveio er i startgropa. Med utgangspunktet i konseptvalutgreiing (KVU) for E39 Aksdal–Bergen, er det i første omgang strekninga Bokn-Bømlafjorden det skal utarbeidast ein kommunedelplan (KDP) med konsekvensutredning (KU) for.
Planprogrammet for strekninga er under arbeid, og skal ut til offentleg ettersyn høsten 2023. Statens vegvesen tar sikte på å ha forslag til kommunedelplan klar for offentleg ettersyn i 2025.
Planprogrammet er ein plan over kva som skal utgreiast i den framtidige kommunedelplanen. Første høyring blir om planprogrammet og det vil bli arrangert folkemøter høsten 2023.
Hovudmål for prosjektet
Kortare reisetid, færre ulukker totalt, ingen møteulukker, reduserte reisekostnader, knyte bu- og arbeidsområde tettare saman. Prosjektet er ein del av Ferjefri E39 Stavanger-Bergen
- Vei:
- E39
- Fase:
- Planfase
- Kommuner:
- Bokn, Tysvær, Sveio
- Fylker:
- Vestland, Rogaland
- Lengde:
- 67 km
- Nasjonal transportplan:
- Ikke omtalt
- Oppstart:
- Januar 2022