Arbeidet med kommunedelplan for E39 Bokn-Hope er starta
Det er god fart i arbeidet med den viktige strekninga mellom Rogfast og Haugalandet. Planprogrammet skal på høyring våren 2022.
Dei fyste samarbeidsmøta med kommunane Bokn, Tysvær og Sveio fredag 04. februar, markerte oppstarten av arbeidet med kommunedelplan for den 57 km lange strekninga Bokn-Hope.
Strekninga er sentral for å binde saman Rogfast med Haugalandet og Sunnhordland.
– Arbeidet med kommunedelplanen og konsekvensutgreiing skjer i samarbeid med vår rådgjevar Rambøll, og dette samarbeidet blei starta før jul. No er det god fart i prosjektet og møta med kommunane er viktig for å etablere kontaktpunkt og halde dei godt informert heilt frå starten av, seier Henry Damman som er planleggingsleiar for prosjektet.
I løpet av dei neste månadane vil det no kunne observerast folk i felt frå både Statens vegvesen, Rambøll og andre underleverandørar.
Planprogram, deretter kommunedelplan
Hovudfokuset no er å få lagt planprogrammet ut på høyring. Dette er ein plan over kva som skal utgreiast kommunedelplanen for strekninga Bokn til Hope i Sveio. Planprogrammet skal på høyring i løpet av våren 2022. Deretter vil fokus vere på arbeidet med sjølve kommunedelplanen med konsekvensutgreiing.
Prosjektet ynskjer god informasjon og medverknad undervegs
I samband med høyringa av planprogrammet vil Vegvesenet arrangere folkemøte. Dette vil bli annonsert.
– Vi held også på med å utvikle ein eiga informasjonsportal som vil oppdaterast hyppig. Dette vil og bli ein god elektronisk medverknadsportal. Det skal vere lett å følgja med i prosjektet, understrekar Damman.
Vegvesenet tar sikte på at kommunedelplanen er klar for offentleg ettersyn i 2023.
Dersom nokon har spørsmål til prosjektet, så kan de ta kontakt via e-post: