Artikkelen er fra 2021, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen førebur arbeidet med kommunedelplan og Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO) er vil utføre jordsmonnkartlegging vinter/vår 2021-2022.

I samband med arbeidet med kommunedelplan med konsekvensutredning for vegstrekninga E39 Bokn-Hope vert det sett i verk jordsmonnkartlegging av jordbruksareal som grunnlag for reguleringsplanarbeidet. Arbeidet vil gjerast hausten 2021 og fram til våren 2022.

– Arbeidet inneber at nokre få personar frå NIBIO og Vegvesenet vil ferdast i området, og det skal takast omsyn til jordbruksdrifta, fortel Henry Damman, planleggingsleier i prosjektet.

Avgrensa område som skal kartleggast

Registreringane vil skje på jordbruksareal i Bokn, Tysvær , og Sveio kommune innanfor eit avgrensa område vist på kartet.

I fylka Vestland og Nord Rogaland er svært lite av jordbruksareala jordsmonnkartlagt. Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO) føretek difor jordsmonnkartlegging for utalte jordbruksareal i Bokn, Tysvær og i Sveio kommune i samband med førebuingane til planarbeidet.

Kart over område der Statens vegvesen vil foreta registreringar  (Illustrasjon: Statens vegvesen).
Kart over område som Statens vegvesen vil foreta registreringar.