Planprogrammet for E39 Bokn – Bømlafjorden er fastsett
Kommuane Bokn, Tysvær og Sveio har vedteke planprogrammet. Ein viktig milepæl i arbeidet med planlegginga av ny og sikrare E39.
Planprogrammet set rammene for det vidare arbeidet med kommunedelplanen. Hausten 2023 låg det på høyring for å sikre medverking frå offentlege partar, grunneigarar, naboar og andre interesserte. På bakgrunn av merknadene blei planprogrammet revidert og oversendt kommunane, saman med merknadene Statens vegvesen fekk inn i høyringa.
67 kilometer ny E39 gjennom tre kommunar
Planområdet går gjennom tre kommunar, og er ca. 67 kilometer langt. Statens vegvesen går vidare i planlegginga med to alternative korridorar for vegen. Kor den nye europavegen kjem til å gå i framtida er enno ein stund til vi har svaret på.
– I prosjektet fortset arbeidet med optimalisering og konsekvensutgreiing av dei to vegkorridorane vi har som alternativ. Vi har fått mange gode innspel og merknader så langt, både på folkemøte og digitalt, og eg håper folk fortset å engasjere seg. Ein får betre planar og resultat når fleire er involverte, seier planleggingsleiar Henry Damman.
Vurderer om det er aktuelt å kombinere dei to korridoralternativa
Den vidare optimaliseringa kan føre til behov for utviding av planområdet. Ei eventuell utviding vil bli varsla etter reglane i plan- og bygningsloven. I tillegg vil det bli vurdert om det er aktuelt å kombinere dei to korridoralternativa.
Det fastsette planprogrammet og kommunestyrevedtaka dannar grunnlag for det vidare arbeidet med kommunedelplanen.
– Vi set pris på den effektive behandlinga i kommunane av planprogrammet, og ser fram til eit godt samarbeid vidare, seier Damman.
Kommunedelplanen kan tidlegast leggast fram for politisk handsaming i dei tre kommunane i 2026. Når den er vedteke, kan Statens vegvesen gå vidare med å arbeide fram ein reguleringsplan for strekninga. Meir informasjon om prosjektet finn ein i informasjonsportalen http://www.e39boknbf.no