I samsvar med Plan- og bygningslova §3-7, 4-1 og 11-3 legg Statens vegvesen fram forslag til planprogram for E39 Bokn–Bømlafjorden.

Du kan og sende innspel/merknad via e-post eller brev, sjå informajon i menyen under. Plandokumenta finn du lengst ned på sida. 

Statens vegvesen har fått i oppdrag av Samferdsledepartementet om å utarbeide kommunedelplan med konsekvensutredning av ny E39 på strekninga Bokn–Bømlafjorden. Dette planprogrammet utdjupar føremålet med kommunedelplan for E39 Bokn-Bømlafjorden.  

Frist for å kome med innspel/merknader var 11.12.2023 

Kunngjøringsannonse 

Forslaget til planprogram blei kunngjort i papirutgåvene til Tysvær Bygdablad, Vestavind og Haugesunds Avis 26.10.2023.

Kunngjøringsannonse forslag planprogram oktober 2023.pdf

Om planprogrammet

Dette planprogrammet utdjupar føremålet med kommunedelplan for E39 Bokn-Bømlafjorden. Strekninga går mellom avslutninga av E39 Rogfast (nær Arsvågen på Vestre Bokn) i Bokn kommune, via Aksdal i Tysvær kommune, til opninga av dagens Bømlafjordtunnel i Sveio kommune.

Vegtiltaket er utgreiingspliktig i samsvar med plan- og bygningslova og forskrift om konsekvensutgreiingar. Planprogrammet gjer greie for dei problemstillingane planarbeidet skal omfatte. Det syner mellom anna alternativ som skal greiast ut, og på kva måte. Tema som konsekvensutgreiinga skal omfatte, og prosess for medverknad, er og skildra.

Kart  over planområde

Kart over planområdet for E39 Bokn-Bømlafjorden. Kartet viser to korridorar som blir lagt til grunn for utvikling av to alternative løysingar som blir tilarbeidd vidare og vurdert i konsekvensutgreiinga
Kart over planområdet for E39 Bokn-Bømlafjorden. Kartet viser to korridorar som blir lagt til grunn for utvikling av to alternative løysingar som blir tilarbeidd vidare og vurdert i konsekvensutgreiinga

 

Planprosess

Prosjektet har ein egen informasjonsportal  der  Statens vegvesen fortløpande vil informere om planprosessen.

Planprogrammet gjer greie for formålet med planarbeidet, korleis og når planprosessen skal gjennomførast. Planprogrammet gjer greie for kva vegkorridorar og tema som skal greiast ut. Statens vegvesen vil legge forslag til planprogram, saman med silingsrapport, på høyring. Innkomne høyringsfråsegner til planprogrammet vil bli vurderte og innarbeidde i eit notat før slutthandsaming i kommunane.

Ved slutthandsaminga av planprogrammet vil Statens vegvesen ta stilling til dei ulike innspela og vurdera desse. Kommunane kan og gjere sine eigne vurderingar av innspela. Dette gjev til slutt grunnlag for endeleg fastsetjing av planprogrammet i den enkelte kommunen.

Fastsett planprogram vil vere grunnlag for utarbeiding av kommunedelplan med
konsekvensutgreiing for dei alternativa som skal greiast ut. Det er kommunestyret i kvar kommune som fastset planprogrammet, i medhald av plan- og bygningslova §11-13, og dei gjer sine avgjerder enkeltvis, uavhengig av kvarandre. Statens vegvesen legg til grunn at kommunane vil fastsette planprogrammet i same tidsperiode. Om det er usemje om kva alternativ som skal greiast ut, kan Statens vegvesen be Samferdsledepartementet avklare spørsmålet med Kommunal- og distriktsdepartementet, jamfør forskrift om konsekvensutgreiingar §32.

Send inn merknad via e-post eller brev 

Eventuelle merknader til planprogrammet kan og sendast på e-post eller brev innan 11. 12. 23. Merk brevet eller e-posten med E39 Bokn–Bømlafjorden

  • E-post:
  • Brev: Statens vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer.

Innspel og merknader som vart sende inn i samband med varsling om oppstartav kommunedelplanen i april 2022, treng ikkje sendast på nytt. Dei er registrerte
og blir tekne med i den vidare planprosessen.

Folkemøter og opne kontordagar 

Det vil bli halde folkemøte og opne kontordagar i alle dei tre kommunane.

Folkemøter:
• Førde samfunnshus (Sveio): 14. nov kl. 18.00
• Tysværtunet: 15. nov kl. 18.00
• Bokn arena: 16. nov kl. 18.00.

Opne kontordagar: 
Stad og klokkeslett vil bli annonsert seinare
• Tysvær kommune: 21. nov
• Sveio kommune: 22. nov
• Bokn kommune: 23. nov