Finansiering og utlysning for E39 Ørskogfjellet
Statens vegvesen lyste ut tilbodskonkurranse denne veka, og E39 Ørskogfjellet får no vidare finansiering over statsbudsjettet. Arbeidet vil starte opp på nyåret, og skal vere ferdig utført i 2022.
- Å få utbetra Ørskogfjellet er viktig for regulariteten på E39 mellom Ålesund og Molde, spesielt vinterstid, seier prosjektdirektør Ove Nesje i Statens vegvesen utbygging.
E39 Ørskogfjellet krabbefelt er omtalt i Nasjonal Transportplan 2018-2029. Det er sett av 156 millionar i 2020-kroner til utbetringane, og prosjektet blir finansiert av statlege middel. Prosjektet har alt fått 25 millionar på 2020-budsjettet.
Etterlengta utbetringsprosjekt
I dag er situasjonen slik at enkelte tunge køyretøy ikkje greier å halde ein fart på meir enn 35-40 km/t i dei lange stigningane opp mot Ørskogfjellet. Om vinteren skjer det av og til at tunge køyretøy blir ståande fast og sperre vegen for annan trafikk. Det er berre på svært korte strekningar det er god nok sikt til forbikøyring, og eit eige felt for dette har difor vore etterlengta.
Sjølve forbikøyringsfeltet vil få ei lengde på 1,8 km, men med tilpassing inn mot dagens veg i begge endar blir den samla strekninga som skal utbetrast på ca. 2,8 km.
Utbetringsprosjektet startar ca. 500 meter sør for kryssinga av Tverrelva, som er om lag 4 kilometer nord for Sjøholt sentrum. Det vert avslutta etter ca. 2,8 km ved avkøyringa til hyttene i Nysæterbakkane, som er ca. 1,4 km sør for Fjellstova.
I tillegg til etablering av forbikøyringsfelt skal vegen også utvidast. Utbetring av svingar på strekninga inngår også i prosjektet. Ny vegbreidde blir 10 meter der det der tofeltsveg og 13,5 meter der det er krabbefelt, inkludert vegskuldrar. Byggetida er berekna til om lag 15 månader, med opning hausten 2022.