Artikkelen er fra 2012, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen varslar med dette oppstart av arbeid med offentleg reguleringsplan i medhald av plan- og bygningslovas § 3-7 og i samsvar med § 12-8. Føremålet med planarbeidet er å byggje ut til ein stamvegstandard på strekninga. Frist er satt til 5. mai 2012.

I reguleringsplanen vil arealbehovet for tiltaket bli fastlagt. Godkjent reguleringsplan er det formelle grunnlaget som gir rettighetar for å gjennomføre planen og til kjøp av grunn for tiltaket. Tiltakshavar er Statens vegvesen.

Reguleringsformålet i planen blir hovudsakleg trafikkområde som er i samsvar med kommunedelplan for strekninga godkjent i Lindås kommunestyre 16. juni 2011. På kartet er planavgrensinga vist med stipla strek. Dette brevet er sendt til høyringsinstansar og grunneigarar/heimelshavarar som kan bli råka av tiltaket.

Planen er konsekvensutgreia i kommunedelplanen, og medfører derfor ikkje krav om ny konsekvensutgreiing etter kap. 4 i plan og bygningslova. Informasjon er tilgjengeleg på www.vegvesen.no/vegprosjekter/e39eikefetromarheim

Kontaktpersonar for planarbeidet i regi av Statens vegvesen er

  • Gunn Cecilie Omre, tlf. 55 51 64 29, e-post (prosjektleiar) eller
  • Steinar Solberg, tlf. 55 51 63 07, e-post (prosjekteier).

Dei som har merknader, spørsmål, opplysningar eller innspel i tilknyting til det varsla planarbeidet kan sende desse skriftleg til:

  • Statens vegvesen Region vest,
    Askedalen 4, 6863 Leikanger. Merka saksnummer: 2010011697.
  • Alternativt kan ein nytte e-postadresse: .

Frist er satt til 5. mai 2012.

Det blir høve til å uttale seg til planforslaget under offentleg ettersyn etter Lindås kommune si handsaming i planutvalet.

Aktuelt for fylke(r): Vestland