E39 Knarvik-Ostereidet (Flatøy–Eikefettunnelen)
Prosjektet skal gje eit meir effektivt og trafikksikkert nord-sør-samband på Vestlandet, og bidra til vidare utvikling av Knarvik som regionssenter.
Statens vegvesen har utarbeida forslag til kommundelplan for ny veg på strekninga, og ventar no på handsaming i Alver kommune. Ny trasé for E39 mellom Knarvik og Ostereidet (Flatøy–Eikefettunnelen) er ein del av ferjefri E39.
Siste nytt:
12.04.2024: Høyring og offentlig ettersyn av kommunedelplan
05.03.2024: Bandleggingssona for E39 Flatøy-Eikefett er forlenga
08.11.2022: Kommunedelplan med konsekvensutgreiing for E39 Flatøy-Eikefet er oversendt Alver kommune
Statens vegvesen fekk i oppdrag å utarbeida ein kommunedelpan og utgreie dei ulike alternativa til ny trasé for den framtidige vegen. Forslag til kommundelplan vart oversendt til Alver kommune i oktober 2022. Det er venta at kommunen vil handsame planforslaget i løpet av 2024, og forlsaget til kommundelplan vil kome ut på høyring.
- Vei:
- E39
- Fase:
- Planfase
- Kommuner:
- Alver
- Fylker:
- Vestland
- Finansiering:
- Stat
Prosjektkontor
- Besøksadresse:
- Nygårdsgaten 112, Bergen