Digitalt informasjonsmøte 28.oktober og «open kontordag»
Alver kommune og Statens vegvesen inviterer til informasjonsmøte og «open kontordag» om planarbeidet med kommunedelplan E39 Flatøy-Eikefettunnelen.
Statens vegvesen har i oppdrag å utgreiie forslag til kommunedelplan med konsekvensutgreiing for strekninga E39 Flatøy-Eikefettunnelen. Alver kommune er planmynde.
Alver kommune og Statens vegvesen ynskjer å gje ei orientering om arbeidet som no er i gang, og kva som vil skje framover. I tillegg til ei orientering om arbeidet, vil det vere høve til å stille spørsmål til kommunen og prosjektleiinga. Informasjonsmøtet er ope for alle - følg sendinga direkte på alver.kommune.no.
Spørsmål kan sendast til: marte.hagen.eriksrud@alver.kommune.no
Praktisk informasjon:
- Dato: Onsdag 28.oktober
- Tidspunkt: 18.00-19.30
- Sted: Følg sendinga direkte på alver.kommune.no eller på Alver kommune sin Facebook side.
Vi vil også invitere til ein open kontordag for dei som ønskjer eit fysisk møte. Tid og stad, samt informasjon om påmelding til kontordagen kjem på alver.kommune.no.