Siste brustøyp ved Helgheim
Fredag 11. januar var ein merkedag på prosjektet. Då vart den nye køyrebrua ved Helgheim kyrkje støypt - den siste av i alt fem bruer på prosjektet.
Før var det ei bru på E39 ved Helgheim, no er det to nye bruer. Gang- og sykkelbrua stod ferdig våren 2018, og har vore omkøyringsveg medan den nye køyrebrua var under bygging. Når den nye køyrebrua no står klar er vi dermed eit stort steg nærare å fjerne einvegskøyring og trafikklys på denne strekninga. Etter at betongen er herda og noko etterarbeid på brua kan den opnast for trafikk om eit par månader.
Tretten timar kontinuerleg arbeid
Støypearbeidet gjekk kontinuerleg frå klokka 06:00 til 19:00, det er viktig at arbeidsprosessane flyt godt for å unngå støypeskøyter og sikre kvaliteten. Brua er 25*10 meter, og det gjekk med om lag 250 kubikkmeter betong i dette arbeidet.
I alt 12 mann pluss to reservar var med på støypearbeidet. I tillegg var det ein mann som bemanna pumpebilen, og 4-5 sjåførar.
-
Bilde 1 av 6: Dei to nye bruene på E399 ved Helgheim kyrkje. Køyrebrua er 25 meter lang og 10 meter brei. Foto: Harald Aamot -
Bilde 2 av 6: Støypinga starta grytidleg fredag 11. januar. Det gjekk med om lag 250 kubikkmeter betong. Foto: Harald Aamot -
Bilde 3 av 6: Etter 13 timar kontinuerleg støyping kunne entreprenør Implenia avslutte arbeidet. Foto: Harald Aamot -
Bilde 4 av 6: Ei vibrobrygge blir brukt for gjere betongen slett og fin. Foto: Harald Aamot -
Bilde 5 av 6: Når betongen er herda kan forskalinga rivast. Foto: Harald Aamot -
Bilde 6 av 6: Betongbilen heller betong over til ein pumpebil, som via ein lang slange får betongen ut på brua og ned i armeringa. Foto: Harald Aamot