Artikkelen er fra 2013, og innholdet kan være utdatert.

Vegdirektør og regionvegsjef var denne veka med på HMS-inspeksjon på ferjesambandet Lavik-Oppedal på E39, samt utbygginga av nye Lavik ferjekai.

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen (t.v.) og regionvegsjef Helge Eidsnes var denne veka på synfaring ved bygginga av nye Lavik ferjekai og på Fjord1-sambandet over fjorden.(Foto: Ole Kristian Åset)

Vegvesenet har også ansvar for å følgje opp HMS på ferjestrekningane langs vegane våre, og måndag denne veka fekk ferjesambandet Lavik-Oppedal besøk av vegdirektør Terje Moe Gustavsen og regionvegsjef Helge Eidsnes. Målet med leiingsinspeksjonen var å vise synleg leiing ute på arbeidsplassane og følgje opp HMS-arbeidet ved bygging av nye Lavik ferjekai og ombord på Fjord1 sine ferjer.

God rapportering


Vegdirektør og regionvegsjef fekk omvising på byggeprosjektet som er i gang med nye Lavik ferjekai. Saman med tilsette på prosjektet og leiinga i Vegavdeling Sogn og Fjordane gjekk dei igjennom HMS-rutinar og rapportering. I etterkant av inspeksjonen vil ein gjennomføre kontroll på arbeidsvarslinga ved anlegget.

- Anlegget i Lavik har eit lite riggområde, og det er trongt. Det set store krav til ryddigheit og oversikt på anleggsområdet, for å unngå situasjonar med skadepotensial, seier HMS-rådgjevar Ove Wilkensen på Byggherreseksjonen.

Prosjektet har ingen personskader så langt, samt svært god innmelding av nesteulykker, noko som tilseier at både byggherre og entreprenør har eit godt fokus på HMS.

MF Gloppen på veg inn mot Lavik ferjekai, til høgre i biletet ser ein området der nye ferjekaien blir til.(Foto: Ole Kristian Åset)

På fjorden


Frå Fjord1 møtte driftssjef Torbjørn Vik og sikkerheitssjef Bjørn Arne Eikås, og HMS-inspeksjonen bestod først av eit møte på land, før følgjet gjekk ombord og blei med ferja over Sognefjorden og tilbake igjen. Ombord fekk dei mellom anna kome opp på brua og møte overstyrmann og kaptein.

Eit hovudtema for opplegget med Fjord1 var å drøfte utfordringane med ferjedrift samtidig som eit stort anleggsarbeid pågår på Lavik ferjekai. Riggområdet til byggeprosjektet ligg kloss inntil oppstillingsplass for ferjekø og ein trong bakke ned til ferjekaien dannar flaskehals når trafikkmengdene er store.

- Me har ein krevjande situasjon i kaiområdet, og det er viktig at me tenker tryggleik og får dette til saman, sa vegdirektøren.

Aktuelt for fylke(r): Vestland