Vellukka opning av E39 Bjørset - Skei
Felemusikk, sol som blenkte på vatnet, beitande kyr og varm flaggvind sette ramma for ein festdag i Jølster.

Etter vel to år med anleggsarbeid og ventetid for trafikantane, var det klart for offisell opning av 11 kilometer utbetra E39 mellom Bjørset og Skei i Jølster, med 6,5 kilometer separat gang – og sykkelveg. Prosjektet er utført til rett tid, med rett kvalitet og utan personskader.
Skugge over markeringa
Denne dagen var eit etterlengta kvileskjær for ein hardt prøvd kommune. I slutten av juli vart den vestlege delen av Jølster råka av ekstrem nedbør med påfylgjande flaum og steinskred. Ein mann er framleis sakna etter at eit ras på sørsida av vatnet tok med seg bilen han sat i.
– Når vi er på vegopningar er det somregel ubetinga glede som pregar dagen. Eg var her for tre veker sidan under heilt andre omstende, og eg vil sende ei helsing til dei som saknar ein av sine kjære når vi står her og feirar dette i dag, sa samferdsleminister Jon Georg Dale i si tale.
Vidare trekte statsråden fram E39 som den viktigaste ferdselsåra på det han kalla Gullkysten.
– Dette er ein omstridd omgrepsbruk, men eg meiner det. Langs E39, som knyt saman heile Vestlandet, vert det skapt enorme verdiar, verdiar som skal flyttast og som skal flyttast trygt, både for dei som køyrer bilane, og dei som bur langs vegen. For kvar vegopning bygger vi landet sterkare og meir konkurransedyktig.
Henta stein frå Kjøsnesfjorden
Men dette er først og fremst ei markering for alle dei som brukar denne vegen til dagleg, la han til.
– Det blir betre no, du høyrer det når lastebilane passerer bak oss, støynivået er redusert, det blir mindre oppbremsing, mindre farlege situasjonar. Det blir rett og slett trivelegare og tryggare å ferdast langs vegen.
Det var relativt lite fjell i veglinja på prosjektet, og Vegvesenet kom difor opp med løysinga å hente stein til vegoppbygging ut av den komande tunellen på riksveg 5 i Kjøsnesfjorden. I alt er det henta ut 250 000 kubikkmeter fjell til vegbygginga på E39 mellom Bjørset og Skei, noko statsråden også nemnde i si tale.
– Vi skal ta oss tid til å takke Statens vegvesen, som sjølv om det gjekk litt lengre tid, var smarte når dei fann ut at vi kunne bruke lokal stein, og med det få kortare reisetida, få ned klimaavtrykket, og samtidig er godt i gong på eit anna og seinare vegprosjekt. Vi må også takke entreprenørane som har gjennomført eit krevjande prosjekt, for det er vanskeleg å bygge veg der bilane går forbi deg heile tida.
Lang veg fram til ny veg
Vegen fram til utbetring av E39 Bjørset-Skei har vore ei tolmodsprøve for jølstringane, det har vore mange år med planlegging, konseptvalutgreiing, NTP, reguleringsplanar og ekstra kvalitetssikring på toppen av det heile. At dette var ein merkedag, spesielt for dei som bur langs denne strekninga, var heilt tydeleg.
Blant alle dei sommarkledde på vegopninga var det ei dame i bunad, Hildegunn Huus. I augustvarmen hadde ho gått heile strekninga, frå Bjørset til Skei, i alt 11 kilometer i Sunnfjordbunad og bunadssko.
Hildegunn og ektemannen bur på Hus, i det som vart kalla pizza-svingen. For nokre år sidan køyrte ein lastebil av vegen der, og det flaut Grandiosa i Jølstravatnet. Sjåføren slapp heldigvis unna med lettare saker, men i på strekninga mellom Hus og Skei har det vore fleire alvorlege ulukker opp gjennom åra.
Hildegunn har hatt anleggsarbeid rett utanfor stovedøra heilt frå starten, men har ikkje eit vondt ord å seie etter desse to åra.
– Vi har hatt god kontakt både med arbeidarane på anlegget og Vegvesenet, har det vore noko vi har vore misnøgde med så har dei møtt oss på ein god måte, og vi har kome til ei løysing.
-
Bilde 1 av 28: Statsråd Jon Georg Dale flankert av ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg og regionvegsjef Tone Margrete Oppedal. Foto: Silje Drevdal -
Bilde 2 av 28: Foto: Silje Drevdal -
Bilde 3 av 28: Jølster Panorma stilte med nydeleg lokalitetar og servering til alle frammøtte. -
Bilde 4 av 28: Synnøve Bjørset og Ole Nilssen sette stemninga med feiande flott folkemusikk. Foto: Silje Drevdal -
Bilde 5 av 28: Foto: Silje Drevdal -
Bilde 6 av 28: Oddmund Klakegg, ordførar i Jølster. Foto: Silje Drevdal -
Bilde 7 av 28: Implenia har vore hovudentreprenør på prosjektet. Aanleggsarbeidet starta i mars 2017, og har gått etter planen. Prosjektet er utført til rett tid, med rett kvalitet og utan personskader. Foto: Silje Drevdal -
Bilde 8 av 28: Foto: Silje Drevdal -
Bilde 9 av 28: Foto: Silje Drevdal -
Bilde 10 av 28: Bente Liabø Thorsen i NAF kom med helsing og blomar til prosjektleiar Svein Reidar Dale. Foto: Silje Drevdal -
Bilde 11 av 28: Fung. regionvegsjef i Statens vegvesen, Tone Margrete Oppedal. Foto: Silje Drevdal -
Bilde 12 av 28: Foto: Silje Drevdal -
Bilde 13 av 28: Foto: Silje Drevdal -
Bilde 14 av 28: Foto: Silje Drevdal -
Bilde 15 av 28: Atle Hamar, statssekretær frå Jølster. Foto: Silje Drevdal -
Bilde 16 av 28: Foto: Silje Drevdal -
Bilde 17 av 28: Konferansier Arne Eithun, prosjektsjef i Implenia Morten Slåtta og prosjektleiar Svein Reidar Dale. Foto: Silje Drevdal -
Bilde 18 av 28: Foto: Heidi Ravnestad -
Bilde 19 av 28: Foto: Silje Drevdal -
Bilde 20 av 28: Foto: Silje Drevdal -
Bilde 21 av 28: Firda Billag stilte med veteranbil- og bussar, og etter opninga kunne dei som ville bli med på køyretur på nye E39 til Årdal i Jølster. Foto: Silje Drevdal -
Bilde 22 av 28: Foto: Silje Drevdal -
Bilde 23 av 28: Foto: Silje Drevdal -
Bilde 24 av 28: F.v. fylkesordførar Jenny Følling, samferdsleminister Jon Georg Dale, ordførar i Jølster Oddmund Klakegg og regionvegsjef Tone Margrete Oppedal. Foto: Silje Drevdal -
Bilde 25 av 28: Dale og Dale: Statsråd Jon Georg Dale saman med prosjektleiar for E39 Lavik-Skei, Svein Reidar Dale. Foto: Silje Drevdal -
Bilde 26 av 28: Dagens mest imponerande innsats stod Hildegunn Huus for. Ho gjekk heile den nye vegen, frå Bjørset til opningsstaden, i bunad og bunadssko. - Det var eit stunt for å vise kor begeistra vi er for ein betre E39 og ny gang- og sykkelveg, sa Hildegunn. Ho bur i "Hus-svingen" og har hatt anleggsarbeidet rett utanfor stovedøra Foto: Anne Siv Liljedahl -
Bilde 27 av 28: Den første bilen som passerte etter at vegen var opna fekk rose av statsråden. Foto: Silje Drevdal -
Bilde 28 av 28: Foto: Silje Drevdal